Forskingsrådets rolle i forskingskommunikasjon

Vi har tiltak for ulike målgrupper og eigne satsingar for å fremje forskingskommunikasjon.

Vi har eigne tiltak for skole, Nysgjerrigper,  og ein forskingsfestival som er open for alle, Forskingsdagane.

Vidare står vi bak jamlege målingar av nordmenns haldningar og syn på forsking og finansierer forsking på forskingskommunikasjon.  

Ordningane våre for å fremje forskingskommunikasjon

Profilering av forsking (PROFORSK)

PROFORSK skal auke forståinga for kva forskinga betyr i samfunnet og bidra til å auke unges interesse for forsking og vise forsking som ein mogleg karriere.
Programmet er under omlegging etter siste tildeling i 2018. Informasjon om nytt program vil vere tilgjengeleg hausten 2019, og det vil bli ei løpande utlysing.

Sjå PROFORSK-prosjekt i Prosjektbanken (oversikt over prosjekt som har fått støtte).

Forsking på forskingskommunikasjon (FORSKKOMM)

Openheit og god dialog mellom forsking og samfunn er avgjerande for å sikre tilliten samfunnet har til forsking og forskingsresultat. Vi treng meir kunnskap om forskingskommunikasjon. Dette gjeld ikkje minst for å utnytte ressursane som blir brukte til kommunikasjonsarbeid i forskingsprosjekt betre og for å oppnå større effektar av forskingsarbeidet.

Sjå FORSKKOMM-prosjekt i Prosjektbanken (oversikt over prosjekt som har fått støtte). I desse prosjekta ser forskarane nærare på pågåande norske forskingsprosjekt eller senteraktivitetar som har tydelege mål for kommunikasjonsaktiviteten. Dette skal gi kunnskap om kommunikasjon i forkant, under og etter forskingsprosessen.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. april 2024, kl. 08:13 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.