Fakta om samfunnsoppdraget

Samfunnsoppdrag skal vere ei banebrytande satsing for å finne løysing på definerte problem innanfor gitt tidsfrist. Utfordringa skal vere kjend, men løysinga ukjent. Det er eit poeng at fleire sektorar må koordinere seg og at resultata reelt skal implementerast i samfunnet.

Regjeringa har i Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning sett seg som mål at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal komme frå berekraftige kjelder og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema. Befolkningsvekst, auka press på areal og ressursar og meir usikre forsyningslinjer kan setje mattryggleiken under press. Samfunnsoppdraget om berekraftig fôr skal bidra til nye og innovative løysingar for å utnytte ressursane betre. Samtidig vil oppdraget gi viktige bidrag til dei måla Noreg har sett for klima, miljø, matproduksjon, sysselsetjing og verdiskaping. Den endelege formuleringa av hovudmålet, talfesting og vidareutvikling av delmåla vil utviklast i ein design- og implementeringsfase fram til november 2023.

Organisering av arbeidet

Samfunnsoppdraget om berekraftig fôr blir leidd av Nærings- og fiskeridepartementet, i tett samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Forskingsrådet leier ei operativ gruppe av fagetatar som skal foreslå utforming og konkrete mål for samfunnsoppdraget frå 2024 og framover. Det vil bli lagt til rette for brei involvering frå samfunnet, mellom anna gjennom ulike innspelsmøte. Gruppa kjem også til å få innspel til arbeidet frå ei ekspertgruppe med aktørar frå næringane, FoU-miljø og interesseorganisasjonar. Målet er å ha tilrådingar for det vidare arbeidet klart innan midten av november 2023.

Andre involverte departement vil vere blant anna Klima- og miljødepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Arbeidsgrupper vert oppretta etter behov frå den operative gruppa og ekspertgruppa når det er behov for målretta arbeid innanfor spesifikke områder.

Kontakt

Felles e-post for alle som jobbar med samfunnsoppdraget

Aktuelle utlysninger

Søknadsfrist
30. mai
2024
Søk nå

Konsekvenser av endringer i lys i marint miljø

JPI Oceans sin utlysning på endringer av lys i marint miljø skal se på årsaker og økologiske konsekvenser av endringer i lysregime forårsaket av redusert lysgjennomtrengning i havet og menneskeskapt lys (kunstig lys).

Hav
Søknadsfrist
Løpende
Planlagt

Prekvalifisering for å sende søknad om "Chips Competence Centre" innenfor halvlederteknologi og smarte systemer

Utlysningen er en prekvalifisering for å søke om midler gjennom Chips JUs utlysning av midler til et kompetansesenter i Norge på halvlederteknologier.

Muliggjørende teknologier

Meldinger ved utskriftstidspunkt 17. mai 2024, kl. 16:58 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.