Innmelding av timesatsar fra instituttsektoren

I alle FoU-prosjekt med tilskot frå Forskingsrådet kan forskingsinstitutta budsjettere med timesatsar dei sjølv har berekna og fastlagt, basert på faktiske kostnader og effektiv drift. Timesatsane skal meldast inn til Forskingsrådet kvart år.

Det er følgjande to grupper av institusjonar på Forskingsrådets liste over godkjende forskingsorganisasjonar som vi kvart år ber om å melde inn timesatsane sine:

  1. Organisasjonar omfatta av regjeringas Strategi for helhetlig instituttpolitikk, inkludert organisasjonar omfatta av Retningslinjer for statlig grunnbevilgning av forskningsinstitutter og forskningskonsern
  2. Andre einingar i offentleg sektor som er pålagd å utføre forsking og andre godkjende forskingsorganisasjonar. 

Legg merke til at organisasjonar omfatta av retningslinjene for statleg grunnløyving skal melder inn timesatsar. Resten av organisasjonane kan velje å melde inn timesatsar føresette at dei oppfyller krava i retningslinjene (sjå nedanfor).

Timesatsane skal nyttast i FoU-prosjekt med tilskot frå Forskingsrådet, uavhengig om instituttet leier prosjektet eller inngår som samarbeidspartnar i eit faktisk samarbeid med prosjektansvarleg søkjar. Timesatsane skal også brukast i prosjekt finansierte gjennom grunnløyving frå Forskingsrådet eller andre offentlege etatar.

Slik melder du inn timesatsar til Forskingsrådet

Dei forskingsorganisasjonane som årleg blir inviterte til å melde inn timesatsar får tildelt ein eigen gjestebrukar. Denne brukaren får tilgang til eit nettbasert skjema der timesatsane skal meldast inn. Brukarnamn og passord for gjestebrukaren blir sendt til Forskingsrådets kontaktperson hos institutta.

Rundsumssats for institutt som vel å ikkje melde inn timesatser

Forskingsorganisasjonar som ikkje ønskjer å melde inn timesatsar eller ikkje oppfyller krava, skal nytte rundsumssatsen for personalkostander, som også blir nytta i UH-sektoren.

Retningslinjer og rettleiing

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. april 2024, kl. 20:02 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.