Hornsund
Den polske polarstasjonen Hornsund (77,00⁰N, 15,54⁰Ø) ligg i Hornsund-fjorden i Sør-Spitsbergen nasjonalpark.
Stasjonen vart etablert i 1957 og har vore i drift heile året sidan 1978. Han blir driven av Institutt for geofysikk, Det polske vitskapsakademiet, med base i Warszawa, Polen. Den faste staben til stasjonen består av åtte–ti personar som er tilsette for eit heilt år av gongen.
Mannskapet til stasjonen gjennomfører overvakingsprogram som skal få betre forståing for korleis det arktiske økosystemet fungerer og kva endringar som skjer her. Programma har søkjelys på klimatologi, glasiologi, hydrologi, oseanografi, seismologi, geomagnetisme, fysikken, permafrosten og geomorfologiske prosessane til atmosfæren.
Hornsund vêrstasjon er ein del av det norske vêrstasjonsnettet (WMO 01003 overvakingsstasjon). Fysiske parametrar for det naturlege miljøet som blir overvakt ved stasjonen, blir leverte til fleire andre anerkjende nettverk, som Intermag, NASA, World Glacier Monitoring Service og Seismological Data Center. Stasjonen er også ein del av Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) og INTERACT-nettverket.
Stasjonen tilbyr overnatting og forskingsfasilitetar for over 20 besøkjande samtidig. Logistisk infrastruktur og vitskaplege fasilitetar gjer det mogleg å utvikle prosjekt innanfor ulike forskingsfelt gjennom heile året. Kvart år er stasjonen vert for over 50 forskarar frå ulike delar av verda som gjennomfører eigne forskingsprosjekt baserte på infrastrukturen til stasjonen.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 2. mars 2026, kl. 17.10 CET