Barentsburg

Forskningsfasilitetene i Barentsburg har blitt oppgraderte de siste åra med ein satellittstasjon og kjemiske laboratorium.

Barentsburg, som er eigd og blir drive av det russiske kolgruveselskapet Trust Arktikugol, er også knutepunktet for russisk forsking på Svalbard. Vi trur at totalt 80–100 russiske forskarar besøkjer Barentsburg for feltarbeid i sommarsesongen (april–oktober). Dei aller fleste bur på Kola Science Centers forskingsstasjon «Barentsburg» i minst delar av opphaldet, vanlegvis i to til fire veker. Totalt bur 8–14 forskarar i Barentsburg om vinteren.

Kola Science Center, eit regionalt senter for Det russiske vitskapsakademiet (RAS), har overnatting og logistisk støtte til forskarar tilknytt Ras-institutt. Dette inkluderer Polar Geophysical Institute (PGI), Kola Regional Center for Seismological Services (KRCS), Institute of Archeology, Murmansk Marine Biological Institute (MMBI) og Polar-Alpine Botanical Garden-Institute.

PGI driv forsking og overvakingsprogram frå eit geofysisk observatorium over Heerodden, og dessutan med instrument inne i Barentsburg.

KRCS har etablert to digitale seismiske stasjonar i området.

MMBI disponerer to små bygningar i Barentsburg, eit laboratorium og eit lager, i tillegg til forskingsfartøyet «Dalnie Zelentsy».

Forskarar frå det Moskva-baserte Institutt for arkeologi grov ut tusenvis av gjenstandar på Svalbard i løpet av det 20. hundreåret og nokre av desse er utstilte på Pomor-museet i Barentsburg.

Roshydromet-byrå

I Barentsburg finn vi også tre byrå knytte til den føderale tenesta for hydrometeorologi og miljøovervaking i Russland (Roshydromet):

  1. Arktis- og Antarktisforskningsinstituttet (AARI) i St. Petersburg
  2. Roshydromets avdeling i Murmansk (MUGMS)
  3. den nordvestlege avdelinga av forskings- og produksjonsforeininga «Typhoon»

AARI driv det russiske forskingssenteret på Svalbard (RRCS) som inkluderer ein satellittbakke-stasjon som hentar data frå amerikanske, europeiske og kinesiske satellittar i polær bane, toppmoderne kjemiske laboratorium, kontor og lagerrom.

MUGMS driv det zonale hydrometeorologiske observatoriet (ZHMO) som ligg saman med RRCS og har loggført observasjonar i Barentsburg i fleire tiår.

RPA «Typhoon» driv lokale forureiningsovervakingsprogram i og rundt Barentsburg.

Polar Marine Geological Research Expedition (PMGRE) har vore til stades i Barentsburg sidan 1962. Etaten er tilknytt Departementet for naturressursar og har som hovudmål å estimere førekomstar av hydrokarbon og kol på Svalbard.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 2. mars 2026, kl. 17.10 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.