Nye løysingar for berekraftig matproduksjon

Innovasjon i landbruket er viktig for å lykkast med grøn omstilling. Derfor har N2 Applied utvikla ein metode som gjer det mogleg for bonden å produsere miljøvennleg gjødsel på eigen gard.

Metoden gjer bonden sjølvforsynt med gjødsel utan bruk av fossil energi samtidig som ein stoppar skadelege utslepp. Vegen fram til dagens løysing har vore ein lang prosess som heller ikkje er avslutta. N2 Applied byrja i 2011 og har heile vegen nytta seg av SkatteFUNN for å få mindre risiko i dei ulike delane i løpet. Dei har også fått midlar frå andre støtteordningar. No er utviklingsarbeidet vidareført i eit EU-finansiert prosjekt, der løyvingane heng svært høgt. Tildelinga har vore ei viktig brikke i den internasjonale lanseringa – og heilt avgjerande for suksess.  

Store utfordringar i den globale matproduksjonen i framtida  

Tilgang på nitrogen er avgjerande i global matproduksjon og vil bli essensielt for å ha nok føde til den veksande befolkninga i verda. Smarte måtar å produsere og bruke nitrogen på vil derfor vere avgjerande for å halde oppe ei berekraftig matvarekjede i framtida. Hos ein husdyrbonde som produserer sitt eige fôr, kan til dømes rundt 50 prosent av det totale nitrogeninnhaldet gå tapt.  

N2 Applied har derfor satsa på å utvikle ein prosess for fiksering av nitrogenet lokalt hos bonden. Dette er ei motsetning til tradisjonelle framstillingsmetodar i den industrielle gjødselindustrien der kunstgjødsel blir produsert sentralt, fjernt frå garden.  

Ny teknologi for grøn omstilling  

Løysinga som bedrifta har utvikla nyttar dyremøkk tilført nitrogen som blir henta frå lufta. Dette stoppar utslepp av ammoniakk og metangass. Resultatet er ei organisk gjødsel berika med nitrogen som reduserer behovet for kjemisk framstilte produkt. Framstillingsmetoden baserer seg på sirkulære metodar og er eit steg på vegen mot viktige klimamål i industriell skala.   

Møkk i reagensrør

Har kombinert støtte fra ulike verkemiddel

Det er ofte mogleg å kombinere støtte frå andre ordningar med SkatteFUNN. N2 Applied har gjennom åra i tillegg nytta seg av blant anna Regionale forskingsfond (RFF) og støtte frå Innovasjon Noreg. I 2020 fekk dei støtte frå Horisont Europa som er den største forskings- og innovasjonsprogrammet i verda med eit budsjett på 95,5 milliardar euro. Heile 35 prosent av budsjettet skal gå til klimaformål for å oppnå grøn omstilling og berekraftig verdiskaping for bedrifter, forskingsorganisasjonar og offentleg forvaltning.  

R&D manager i N2 Applied, Magnus Nyvold, fortel at dei har prøvd seg både på å skrive søknadene sine sjølv og å kjøpe hjelp. Og at der etter kvart har erfart at dei sparer tid på å gjere jobben sjølv.

– Det tek tid for andre å fange essensen i det vi gjer, og hjelpa vi kjøper blir fort veldig personavhengig.

Støtta frå Horisont Europa har bidrege til at dei har kunna satse og ta risiko, men ho har også gitt draghjelp i kommersialiseringsprosessen. Nyvold, fortel at det har vore ei utfordring å kommunisere om løysinga dei sit på, rett og slett fordi teknologien er så ny.

– Det vi utviklar er ikkje så lett å plassere kategorisk fordi løysinga påverkar mange aspekt ved dagens landbruk. Nettverka og partnarane gjennom EU-prosjektet har fungert som eit godkjendstempel og på den måten vore ei god draghjelp også i kommersialiseringsprosessen.  

Vegen vidare

 Bedrifta har høge ambisjonar for tida framover. Det kjem framleis til å vere høg FoU-aktivitet vidareelv om N2 Applied er klare for fullskala masseproduksjon. Men dersom dei lykkast, kan dei vere den største tilbydaren i verda av grøne løysingar for produksjon av gjødsel.

N2 Applied trur på at løysinga kan gi milliardinntekter og at dei framover kan vere eit sterkt bidrag til ei grøn omstilling i landbruket.    

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. juni 2024, kl. 00.07 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.