Fylkesvise kunnskapsgrunnlag

Møre og Romsdal

Næringslivet i Møre og Romsdal er dominert av fem store næringar: maritim, marin, petroleum, møbel og reiseliv. Historia har vist at næringslivet har god evne til omstilling og nyskaping. Kriser og nedgangstider har gitt grobotn for nye moglegheiter, innovative løysingar og nye bedrifter. Regionen har praksisnære FoU-miljø som har tette relasjonar til næringsliv og offentleg sektor.

Møre og Romsdal har tradisjonelt sett lege lågt på ulike FoU-indikatorar, men har dei siste åra styrkt posisjonen. I 2018 vart det totalt brukt 1755 millionar kroner på FoU i regionen. Dette utgjorde 2,4 prosent av dei totale FoU-utgiftene i landet, og veksten i perioden 2011–2018 var på 83 prosent. Næringslivet stod for 74 prosent av forskings- og utviklingsinnsatsen i Møre og Romsdal i 2018, instituttsektoren for 10 prosent og universitets- og høgskolesektoren for om lag 16 prosent.

I 2019 var det totalt registrert 28 093 bedrifter i Møre og Romsdal, og talet på sysselsette i næringslivet var 128 455. Sysselsetjinga har vore stabil sidan 2015, men med ein liten nedgang frå 2018 til 2019. Møre og Romsdal har den største andelen industribedrifter i landet. 5,6 prosent av bedriftene er kategoriserte som industribedrifter, mot 3,6 prosent på landsnivå. Industrisysselsetjinga er òg den høgste i landet: 15,3 prosent av alle sysselsette i Møre og Romsdal var sysselsett i industrien ved utgangen av 2019. Agder og Vestfold/Telemark har den nest høgste industrisysselsetjinga på cirka 10 prosent. Frå 2014 har det vore ein nedgang på om lag 9 prosent i talet på sysselsette i den regionale industrien. På landsbasis var det i same perioden ein tilsvarande nedgang. Reknar vi verdien av vareeksporten per sysselsett, så tronar Møre og Romsdal klart høgst på statistikken rekna per innbyggjar. I 2019 vart det eksportert varer for 45 mrd. kr frå fylket. Dette utgjorde cirka 9,5 prosent av den samla vareeksporten frå Norge. Fisk og sjømat utgjorde 48 prosent av den samla vareeksporten frå fylket.

Innovasjonssystemet i Møre og Romsdal er godt rusta med aktørar som støttar opp om forsking og innovasjon i næringslivet. Det er tett samarbeid og samspel mellom næringslivet og FoU-miljøa i regionen: ein godt utbygd infrastruktur av mellomromsaktørar, blant anna kunnskapsparkar og næringshagar, ein næringsaktiv fylkeskommune og eit verkemiddelapparat som er tett knytt til den samla støttestrukturen for næringslivet. Dei regionalt innretta FoU-miljøa, representerte ved høgskulane i Volda og Molde, NTNU i Ålesund og Møreforsking, NORSØK og Runde Miljøsenter, speler tett saman med arbeidslivet i regionen. Dei større nasjonale FoU-miljøa, Nofima, SINTEF og NIBIO, er etablerte i regionen og har òg sterke relasjonar med regionalt næringsliv. Praksisnær forsking, der behova til næringslivet set dagsordenen, kjenneteiknar storparten av forskinga.

Fylkeskommunen har det overordna strategiske ansvaret for arbeidet knytt til nærings- og regionutviklinga i Møre og Romsdal. Partnarskapet for verdiskaping og kompetanse består av Møre og Romsdal fylkeskommune, Innovasjon Noreg, Forskingsrådet, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, LO, NHO, Siva, KS og Nav. Partnarskapet og representantar frå næringslivet og akademia står bak forskings- og innovasjonsstrategien for Møre og Romsdal som blir revidert i 2020.

Sju utvalde funn:

  • Frå 2011 til 2018 var det ein vekst på heile 146 prosent i FoU-utgiftene per tilsett i næringslivet.
  • Havnæringane i Møre og Romsdal, fiskeri, havbruk og maritim næring, bruker mest på FoU i landet samanlikna med havnæringane i andre regionar.
  • Samla støtte til næringslivet frå Forskingsrådet, SkatteFUNN og Horisont 2020 var i 2019 på 360,5 mill. kr. Per sysselsett i næringslivet utgjer dette 3400 kr. Dette er på same nivået som for landet under eitt.
  • Det er frå 2019 til 2020 ein sterkt vekst i støtta frå Forskingsrådet til regionale bedrifter.
  • Berre Innlandet hadde i 2018 færre FoU-årsverk i næringslivet utførte av personale med lang høgre utdanning.
  • Forskingsmiljøa i Møre og Romsdal søkjer i svært liten grad støtte frå Forskingsrådet til å drive forskar- og samarbeidsprosjekt.
  • Den største svakheita ved innovasjonssystemet i Møre og Romsdal kan knytast til kapasiteten og kompetansen til å drive meir langsiktig, grunnleggjande forsking relatert til dei næringsmessige konkurransefortrinna i regionen.

FoU-utgifter i næringslivet – nøkkeltal og utviklingstrekk

Næringslivet brukte 1300 mill. kr på eigenutført FoU i 2018. Per sysselsett i næringslivet utgjer dette 32 000 kr. Dette er på same nivået som Hordaland og Rogaland, men samanlikna med Akershus, Vestfold, Sør-Trøndelag og Buskerud, som ligg på topp i landet, så er FoU-utgiftene i næringslivet per sysselsett i Møre og Romsdal om lag halvparten så store.

I perioden 2011–2018 var det ein vekst på 146 prosent i FoU-utgiftene per tilsett i næringslivet i Møre og Romsdal, og dette er den sterkaste veksten av dei ti regionane i landet som investerer mest i FoU i næringslivet. Landet under eitt har hatt ein vekst på 44 prosent i same perioden.

Figur 1 Eigenutført FoU i næringslivet per sysselsett i 2018 fordelt på fylka.

Beløp i 1000 kr.

MR-Figur1.png

Kjelde SSB

Utviklinga som kjem fram i SSB-statistikken for eigenutført FoU i næringslivet, kan ein òg sjå i SkatteFUNN-statistikken. Frå 2017 ha det vore ei utflating i støtta til bedriftene gjennom SkatteFUNN. Dette er elles ein nasjonal trend, med unntak for Oslo, der det har vore vekst frå 2017.

Av dei økonomiske regionane i Møre og Romsdal er det berre Sunndalsøra som i 2018 låg over landsgjennomsnittet for eigenutført FoU i næringslivet per sysselsett. FoU-innsatsen på Sunndalsøra er i stor grad knytt til Norsk Hydros fabrikk for aluminiumsproduksjon. Ulsteinvik-regionen utmerkjer seg med ein vekst frå 2014 til 2017 på heile 165 prosent, for deretter å få ein 35 prosent nedgang i FoU-innsatsen per sysselsett frå 2017 til 2018. Sentrale aktørar innan den maritime klynga, med verftsindustri, teknologileverandørar, skipsdesign og reiarar, er heimehøyrande i denne regionen. Desse aktørane har vore gjennom ei krevjande omstilling til nye marknadssegment etter det drastiske oljeprisfallet i 2014. Etter ein kraftig oppgang frå 2014 til 2015 har Kristiansund hatt ein sterk nedgang i FoU-innsatsen i bedriftene frå 2015 til 2017, men har hatt ein oppsving igjen frå 2017 til 2018.

Figur 2 Eigenutført FoU i næringslivet per sysselsett i 2016–2018, økonomiske regionar, Møre og Romsdal.

Beløp i 1000 kr.

MR-Figur2.png

Kjelde SSB

Ser vi på havnæringane samla i Møre og Romsdal, fiskeri, havbruk og maritim næring, bruker desse bedriftene mest på FoU i landet samanlikna med tilsvarande næringar i andre fylke. For eksempel viser utviklinga innan maritim næring at det skjedde ein vekst på 63 prosent i eigenutført FoU i maritime bedrifter i regionen frå 2013 til 2018. For landet under eitt hadde maritim næring ein vekst på 40 prosent i eigenutført FoU. Innan fiskeri og havbruk har det vore ein nedgang i FoU-innsatsen i bedriftene frå 2015 til 2017. Samla sett har det vore ein liten nedgang i FoU-innsats i havnæringane fiskeri, havbruk og maritim.

Figur 3: FoU-utgiftene til næringslivet i 2018 innen havnæringene fordelte på fylka.

Beløp i mill. kr.

MR-Figur3.png

Kjelde SSB

Finansiering av FoU i næringslivet

Ein strategisk bruk av breidda av verkemidla i Forskingsrådet bidrar til å bringe saman forskings-­ og utdanningsmiljø, næringsliv, offentleg sektor og sivilsamfunn i kreative samarbeidskonstellasjonar, slik at vi kan skape meir radikale innovasjonar. Radikale innovasjonar er nødvendige for å møte dei store samfunnsutfordringane og for å bidra til ei meir berekraftig verdiskaping. Verkemidla i Forskingsrådet omfattar heile spekteret, frå grunnleggjande forsking som flytter kunnskapsfronten, og som styrkjer kompetansen og kapasiteten i forskings- og utdanningsmiljøa, til brukarstyrt forsking, der næringsliv og offentleg sektor sit i «førarsetet» for å utvikle nye produkt, tenester og/eller prosessar. Fellesnemnaren for verkemidla i Forskingsrådet er at dei styrkjer samspelet og forskingskapasiteten i forskings- og innovasjonssystemet, nasjonalt og regionalt.

Per 1. juli 2020 har aktørar frå Møre og Romsdal (næringsliv, FoU-institusjonar og offentleg sektor) til saman fått tildelt 147,5 mill. kr til FoU-prosjekt (ekskl. SkatteFUNN-støtte). I 2019 var tilsvarande tal 104 mill. kr. Dette er ein auke i støtta frå Forskingsrådet på 29 prosent. Det har vore ein nedgang på 4 prosent i støtta til Møre og Romsdal i perioden 2016 til 2019, men som 2020-tala viser, ser det ut til at denne negative trenden kan snu frå inneverande år.

Figur 4 Løyvingar til næringslivet frå Horisont 2020, Forskingsrådet og forventa skattefrådrag gjennom SkatteFUNN fordelte per fylke i 2019, korrigerte for sysselsette (arbeidsplass).

Beløp i kr.

virkemidler.png

Kjelde Forskningsrådet og SSB

Samla støtte til næringslivet frå Forskingsrådet, SkatteFUNN og Horisont 2020 var i 2019 på 360,5 mill. kr. Per sysselsett i næringslivet utgjer dette 3400 kr. Dette er på same nivået som for landet under eitt. Det er berre Oslo og Trøndelag som ligg vesentleg over Møre og Romsdal på denne statistikken. 4,1 prosent av den totale støtta til næringslivet går til bedrifter i regionen.

Figur 5 Skattefrådrag som næringslivet har budsjettert med i SkatteFUNN-prosjekt, 2015–2019.

Beløp i mill. kr.

MR-Figur5.png

Kjelde SSB

Skattefrådraget til næringslivet i Møre og Romsdal gjennom SkatteFUNN-ordninga auka med 18,6 prosent i perioden 2015–2019, men her er det viktig å streke under at det frå 2017 har vore ein nedgang i skattefrådraget på 12 prosent. Dette er ein dominerande tendens som viser seg i heile landet, med unntak for Oslo og Akershus. Utviklinga i støtta gjennom det andre store næringsretta verkemiddelet Forskingsrådet har, Innovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN), har vore omtrent lik utviklinga i støtta gjennom SkatteFUNN. Frå tala kjem det fram ein sterk auke i støtta frå 2011 til 2016 og deretter ein nedgang. Så langt i 2020 er det gitt 77 mill. kr i støtte til bedrifter i Møre og Romsdal gjennom IPN, noko som inneber ein vekst på 36 prosent frå 2019.

Aktørar i Møre og Romsdal har 16 aktive prosjekt med støtte frå Horisont 2020. Desse prosjekta får i 2020 ei støtte på 42,5 mill. kr. Det største prosjektet frå regionen som er støtta av Horisont, går til eit konsortium der Kongsberg er prosjektansvarleg, og der den totale støtta er på 169,5 mill. kr i tidsrommet 2019–2022.

Forskingskapasiteten i næringslivet

I 2018 var det 42,7 prosent i aldersgruppa 30–39 år i Møre og Romsdal som hadde høgre utdanning. Av desse hadde 12,1 prosent lang høgre utdanning, det vil seie master- eller doktorgrad. På nasjonalt nivå var dei tilsvarande tala 48,9 prosent og 18,5 prosent. Sjølv om Møre og Romsdal ligg under landsgjennomsnittet for innbyggjarar med høgre utdanning, har utdanningsnivået hatt ei svært positiv utvikling frå 2009 til 2018. Regionen har i perioden 2009–2018 hatt størst relativ vekst samanlikna med andre regionar i talet på personar med lang høgre utdanning innan aldersgruppa 30–39 år.

Figur 6 Høgre utdanning, kort og lang, i aldersgruppa 30–39 år i åra 2009–2018, fordelt på fylka.

MR-Figur6.png

Kjelde SSB

I 2018 vart det utført 954 FoU-årsverk i næringslivet i Møre og Romsdal. I perioden 2010–2018 har det vore ein vekst på 383 årsverk, ein vekst på 67 prosent. Berre Nordland har hatt større vekst i same perioden. 50 prosent av FoU-årsverka i næringslivet vart i 2018 utført av personale med master- eller doktorgrad. Med den nye fylkesstrukturen var det berre Innlandet som i 2018 hadde færre FoU-årsverk utførte av personale med lang høgre utdanning. Likevel er det viktig å poengtere at talet på FoU-årsverk utførte av personar med høgre grads utdanning har stige med 65 prosent. Berre 4,3 prosent av FoU-årsverka vart utførte av personar med doktorgrad. 

Figur 7 Utdanning (del) av FoU-personalet (årsverk) i næringslivet i 2018, nye fylke.

MR-Figur7.png

Kjelde SSB

Det faktum at Møre og Romsdal har eit relativt lågt utdanningsnivå blant dei som er registrerte som FoU-personale, altså at det er få med master- eller ph.d.-grad, kan vere ein hemsko for å kunne realisere meir radikale innovasjonar innan avanserte teknologiområde, der det òg er behov for tette samarbeidsrelasjonar med framifrå FoU-miljø.

Sjølv om utdanningsnivået hjå dei som gjennomfører FoU-oppgåver i næringslivet i Møre og Romsdal, ligg lågt samanlikna med dei fleste andre regionar, ligg likevel Møre og Romsdal på same nivået som Trøndelag når det gjeld tilslag frå Forskingsrådet rekna per årsverk. Her ligg Oppland på topp.

Næringslivets FoU-samarbeid med anna næringsliv og FoU-institusjonar

I 2019 var 30 bedrifter i Møre og Romsdal kontraktspartnarar med Forskingsrådet for å gjennomføre IPN (innovasjonsprosjekt i næringslivet). Til saman hadde desse bedriftene 65 samarbeidspartnarar frå næringslivet og 58 samarbeidspartnarar frå institutt- og UH-sektoren. Sju av desse var utanlandske bedrifter/FoU-institusjonar. Nærare halvparten av bedriftssamarbeidspartnarane kjem frå Møre og Romsdal. Når det gjeld samarbeidspartnarane frå institutt- og UH-sektoren, så kjem 47 prosent av desse frå Trøndelag (les: SINTEF og NTNU). 14 prosent av FoU-samarbeidspartnarane kjem frå eigen region. Desse tala illustrerer det sterke kunnskapssamarbeidet bedriftene i Møre og Romsdal har med SINTEF og NTNU i Trondheim.

I 2018 brukte bedriftene 206 mill. kr på kjøp av FoU. Dette utgjer 14 prosent av dei samla FoU-utgiftene til bedriftene i Møre og Romsdal. Landsgjennomsnittet var på 19 prosent. Regionar det er naturleg å samanlikne med, ligg på om lag same nivået som Møre og Romsdal. SkatteFUNN-statistikken viser ei positiv utvikling frå 2016 når det gjeld i kor stor utstrekning bedriftene i regionen samarbeider med FoU-miljø. I 2019 vart 4,1 prosent av dei budsjetterte kostnadene i SkatteFUNN-prosjekta i Møre og Romsdal brukte til innkjøp av tenester frå FoU-miljø. Landsgjennomsnittet er på 3,9 prosent.

På landsnivå står SINTEF og NTNU for så mykje som 47 prosent av dei budsjetterte innkjøpa av FoU-tenester SkatteFUNN-bedriftene gjer. Desse institusjonane er òg representerte i Møre og Romsdal og er såleis ein del av denne statistikken. Av dei regionale FoU-institusjonane er det Møreforsking som skil seg ut som ein viktig samarbeidspartnar for bedrifter i SkatteFUNN-prosjekt. I 2019 var Møreforsking involvert i 30 SkatteFUNN-prosjekt, og dette utgjorde 6,5 mill. kr i budsjetterte innkjøp av FoU-tenester. Høgskolen i Molde var i 2019 involvert i fem SkatteFUNN-prosjekt.  

Næringslivet i Møre og Romsdal, i hovudsak havnæringane, har god utteljing i konkurransen om midlar til Innovasjonsprosjekt i Næringslivet (IPN) og støtte gjennom SkatteFUNN-ordninga og Horisont 2020. Desse prosjekta styrkjer FoU-samarbeidet i næringslivet og med FoU-miljøa og er òg med på å forsterke forskingskapasiteten og det strategiske innovasjonsarbeidet hjå dei som er involverte i prosjekta. I dei større IPN-prosjekta er det òg involvert doktorgradsutdanning. Sjølv om det er bedriftene som sit i førarsetet i desse prosjekta, og som er prosjekteigarar/ansvarlege, så er det ofte eit svært tett samarbeid med eitt eller fleire FoU-miljø i gjennomføringa av innovasjonsprosjekta, og dette bidrar til at fagmiljøa i forskingsmiljøa samtidig rustar opp kompetansen og kapasiteten sin for framtidige innovasjonssamarbeid med næringslivet. Nærings-ph.d.-ordninga er eit viktig verkemiddel for næringslivet for å betre forskingskompetansen og ‑kapasiteten sin. I fylket er det for tida ni nærings-ph.d.-løp i bedrifter. Ti kandidatar har tidlegare fullført utdanninga.

Statistikken viser klart og tydeleg at storparten av forskinga i Møre og Romsdal er knytt til innovasjonsprosessar i næringslivet. Sjølv om desse prosjekta òg bidrar til forskinga som skjer i FoU-miljøa, så er det svært viktig for den langsiktige kunnskapsutviklinga i regionen at forskings- og utdanningsmiljøa i regionen er drivarar av større institusjonsbyggjande prosjekt som byggjer sterke og robuste fagmiljø som er med i kunnskapsfronten, og som har relevant kunnskap for utdanningsløp og innovasjonsprosessar i næringsliv og offentleg sektor.

Forskingsrådet har i hovudsak fem verkemiddel/prosjekttypar som har som mål å vere med på å utvikle sterke forskingsmiljø som er i forskingsfronten internasjonalt. Dette er Senter for framifrå forsking (SFF), Infrastruktur, Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), Forskarprosjekt og kompetanse og samarbeidsprosjekt (KSP). Forskingsmiljøa i Møre og Romsdal får i svært liten grad støtte frå Forskingsrådet gjennom desse verkemidla. Det er likevel eit poeng at store nasjonale forskingsinstitusjonar som NTNU, SINTEF, Nofima og NIBIO er representerte i Møre og Romsdal, og at enkelte fagmiljø / enkeltforskarar i desse institusjonane tidvis er involverte i større forskarprosjekt der moderorganisasjonen er prosjektansvarleg.

NTNU i Ålesund og Nofima på Sunndalsøra leier kvart sitt Senter for forskingsdriven Innovasjon (SFI), noko som sikrar eit langsiktig samarbeid mellom forskingsintensive næringslivsaktørar og leiande forskingsmiljø innan maritim sektor og havbruk. Det er for tida berre tre forskarprosjekt i Møre og Romsdal som får støtte frå Forskingsrådet. To prosjekt får støtte gjennom prosjekttypen Kompetanse og samarbeidsprosjekt. Ingen av forskingsmiljøa har i dag støtte gjennom SFF og Infrastruktur. 

Framover må det arbeidast målretta for å leggje til rette for at forskingsmiljøa i Møre og Romsdal hektar seg på i konkurransen om nasjonale forskingsmidlar og EU-midlar for å kunne realisere viktige forskingsprosjekt for regionen og nasjonen.

Endeleg er det svært viktig å få fram at det innanfor dei dominerande næringane i regionen finst sterke nettverk, både horisontale nettverk og nettverk i eit verdikjedeperspektiv. Klyngeprosjektet til den maritime næringsklynga, GCE Blue maritime Cluster, har status som «Global Centre of Expertise» og representerer den maritime klynga med reiarar, verft, designbedrifter og utstyrsleverandørar. iKuben vart «Norwegian Center of Expertice» (NCE) i 2017, og dei omlag 60 deltakande bedriftene i NCE iKuben representerer ulike bransjar med felles faglege industrielle utfordringar innanfor digitalisering og forretningsutvikling. Blue Legasea fekk «NCE»-status i 2018. Dette klyngeprosjektet byggjer på den marine næringa og består av om lag 50 bedrifter innanfor fangst, oppdrett og industriell foredling av marine oljer og ingrediensar. Det er eit mål for dei tre klyngeprosjekta å auke FoU-intensiteten i bedriftene. Dei har tette samarbeidsrelasjonar til FoU-miljø, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. ÅKP (Ålesund kunnskapspark) administrerer og leier GCE Blue Maritime, NCE Blue Legasea. ProtoMore (Kunnskapsparken i Molde) er prosjekteigar for NCE iKuben. Olje- og gassverksemda på Nordmøre, som omfattar to av Norges totalt fem ilandføringsanlegg for olje og gass, Tjeldbergodden og Nyhamna, utgjer, saman med baseverksemda i Kristiansund, eit nasjonalt tyngdepunkt for norsk olje- og gassverksemd. Møbelindustrien kan karakteriserast som ei nasjonal klynge med eit tyngdepunkt på Sunnmøre. Rundt 40 prosent av alle sysselsette i møbelindustrien jobbar i regionen.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. april 2024, kl. 07:50 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.