Gå direkte til innhold

Offentlege utviklingsoppgåver på Vestlandet - Regionale offentlege prosjekt

Det vert lyst ut forskingsmidlar til regionale offentlege prosjekt innan tema Offentlege utviklingsoppgåver på Vestlandet med søknadsfrist 15. oktober 2014 kl. 13.00.

Annen støtte Velg
Søknadsfrist:
15.10.2014 13:00 CEST

Meldinger:

Utlysinga har fokus på kommunale ansvarsområde.

Utlysinga vil verte aktivisert seks veker før søknadsfristen. Før det er det ikkje muleg å opprette elektronisk søknad.

Status:

Gjennomført

Antatt tilgjengelige midler:

Inntil 23 mill. kr. er sett av til søknadar innan dei fire utlysingane med frist 15. oktober 2014: Bærekraftig matproduksjon, Energi, Reiseliv og Offentlege utviklingsoppgåver på Vestlandet.

Den økonomiske ramma kan verte endra.

Føringer og viktige forhold for alle søknadstyper i utlysningen:

På Vestlandet skal regionale offentlege prosjekt ta utgangspunkt i strategisk viktige problemstillingar innan kommunale ansvarsområde i fondsregionen. Prosjekta skal ha FoU-aktivitet som bidrar til forskingsdriven innovasjon og/eller innovasjon med forskarmedverking og gi verdiskaping for offentleg sektor.

Regionalt forskingsfond Vestlandet ønskjer å styrke innovasjonsevna og auka verdiskaping innan kommunal sektor sine ansvarsområde. Prosjekta skal ta utgangspunkt i strategisk viktige problemstillingar innan kommunale ansvarsområde i fondsregionen.

Forskinga skal bidra til å nå kommunale mål ved å innføre/ta i bruk noko nytt og eller vesentleg betre som løysing på konkrete problemstillingar. Fokus vil vere på oppgåver som kan verte løyst av offentlege, private og/eller frivillige aktørar etter bestilling frå kommunal sektor. Det vert oppmoda til å inngå breie alliansar. Andre kommunar, aktørar i andre kommunale sektorar og regional stat kan også vere aktuelle samarbeidspartnarar.

Prosjekta skal ha FoU-aktivitet som bidrar til forskingsdriven innovasjon og/eller innovasjon med forskarmedverkning og gi verdiskaping for offentleg sektor.

I tillegg skal eit eller fleire av følgjande fem deltema liggje til grunn for prioritering av forskinga. Desse deltema er delvis overlappande og skal sjåast i lys av dei sentrale føringane elles:
 

Samfunnsutviklarrolla
Det er ønskjeleg med ny kunnskap som kan styrke kommunal sektor si rolle som samfunnsutviklar. Særleg er det ønskjeleg med forsking som kan styrke kommunen som tilretteleggar for berekraftige lokalsamfunn.

Helse i alt
Det er behov for ny kunnskap som kan bidra til å styrke kvalitet og effektivitet innan dei kommunale ansvarsområda helse og folkehelse.

Sentrale spørsmål er korleis ein betre kan forstå og utvikle kommunesektoren si rolle innan den samla helseforvaltning og korleis kommunal sektor på ein betre måte kan utvikle sine faglege ressursar og ansvarsområde i relasjon til andre i den samla helseforvaltninga.

Vidare er korleis kommunesektoren kan ta ansvar for folkehelse i eitt breitt perspektiv sentralt.

Tidleg innsats i eit livsløpsperspektiv
«Tidleg innsats» er eit perspektiv som sett førebygging fremst i staden for behandling og reperasjon. Kommunane treng aktiv, utviklingsretta forsking ut frå dette perspektivet knytt til planlegging, utvikling av tenester, utforming av fysisk miljø og innan andre relevante område. Forskingsprosjekt som evnar å spissa og opna slike perspektiv, vil verta prioriterte.

Rolle og ansvar i utdanningssamfunnet/kompetansesamfunnet
Kommunal sektor har samansette og komplekse rollar i utdanningssamfunnet; som undervisnings- og skuleeigarar med ansvar for læringsresultata, og som arbeidsgjevarar både for undervisningspersonalet og for tilsette i kommunal sektor. Kommunane har ansvar for at desse har rett kompetanse. Dei har også ein rolle i å sikre kompetansebehovet i næringslivet.

Auka mangfald i brukarar av offentlege tenester og tilbod og endringar i behov utfordrar dagens organisering og krav til kompetanse til ulike oppgåver, blant anna knytt til profesjonsgrenser og kompetansemonopol.

Det er behov for kunnskap om korleis desse komplekse forhold knytt til utdanning og kompetanse har betyding for og kan utfordrast for å oppnå betre offentlege tenester.

Meir robust organisasjon
Kommunal sektor er stilt ovanfor store utfordringar knytt til dei sentrale tenesteområda og i arbeidet med å sikre framtidsretta og berekraftige lokalsamfunn. For å møte desse utfordringane må kommunal sektor har ein robust organisasjon. Det er store krav til kompetanse, allokering av
ressursar og godt samspel mellom involverte aktørar for å lukkast.

Kommunal sektor står ovanfor forventning til vidare forenkling, mindre byråkrati, auka ansvarleggjering og meir fleksible løysingar. Det er behov for ny kunnskap som kan medverke til å utvikle robuste organisasjonsmodellar og arbeidsformar tilpassa desse utfordringane.

Stikkord er fornying av offentleg sektor, evne til å møte forvaltningsreformer og kapasitet til å samarbeide med aktørar innan privat og frivillig sektor.
 

Kven kan søkje

  • Prosjektansvarleg for søknader skal vere ein organisasjon innan kommunal sektor (kommune, fylkeskommune eller ein samanslutning av slike) innanfor fondet sitt geografiske område (Hordaland, Rogaland, Sogn og Fjordane). 
  • Prosjektansvarleg søkjar skal vere registrert med organisasjonsnummer
  • Søkjarane kan på fritt grunnlag velje kva FoU/forskingsmiljø, bedrifter eller organisasjonar dei ønskjer å samarbeide med, uavhengig av geografisk plassering
  • Det er krav om at prosjektansvarleg har samarbeidsavtale med minst eit FoU/forskingsmiljø. Ein enkel samarbeidsavtale med det/dei viktigaste FoU- partnarane skal vere lagt ved søknaden.
     

Tilskotsramme

  • Regionalt forskingsfond Vestlandet kan dekkje inntil 70 % av godkjende kostnader i prosjektet.
  • Maksimalt søknadsbeløp er 3 millionar kroner. Godkjende prosjekt vil kunne få inntil 1 million kroner i støtte for kvart år i prosjektperioden
     

Øvrige vilkår

  • Prosjekta skal ha tidslengd på 1-3 år.
  • Kostnader som gir grunnlag for støtte er personalkostnader, kjøp av FoU-tenester, relevante driftskostnader og eitt eller fleire stipend. Avskrivingskostnader for utstyr kan verte dekka.
  • Regionalt forskingsfond Vestlandet tek seg retten til å diskutere søknaden med andre offentlige virkemiddelaktørar når det er relevant for søknadsbehandlinga.