Gå direkte til innhold

Reiseliv - Regionale bedriftsprosjekt

Det vert lyst ut forskingsmidlar til regionale bedriftsprosjekt med søknadsfrist 11. februar 2015 kl. 13.00.

Annen støtte Velg
Søknadsfrist:
11.02.2015 13:00 CET

Meldinger:

Bedrifter eller samanslutningar av bedrifter med adresse i fondsregionen kan søkje. FoU-institusjonar kan også stå som prosjektansvarleg søkjar, dersom dei har samarbeidsavtale med ei bedrift eller konsortium av bedrifter i fondsregionen (Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane).

Utlysinga vil verte aktivisert seks veker før søknadsfristen. Før dette er det ikkje muleg å opprette elektronisk søknad.

Status:

Gjennomført

Antatt tilgjengelige midler:

Inntil 18 mill. kr. er sett av til søknadar innan dei fire utlysingane med frist 11. februar 2015: Bærekraftig matproduksjon (grøn sektor), Energi, Reiseliv og Innovasjon i offentlege ansvarsområde.

Den økonomiske ramma kan verte endra.

Føringer og viktige forhold for alle søknadstyper i utlysningen:

 

FoU-prosjekta skal ta utgangspunkt i strategisk viktige problemstillingar for reiselivsnæringa på Vestlandet. Løysingane skal bidra til auka lønnsemd i reiselivsbedriftene og auka verdiskaping i heile verdikjeda for næringa.

Regionalt forskingsfond Vestlandet gir støtte til forsking- og utviklingsprosjekt som kan føra fram til nyskapande løysingar på problem som er til hinder for lønnsemd og verdiskaping i reiselivsnæringa.

Løysingane skal bidra til ei meir heilskapleg og berekraftig utvikling av reiselivsnæringa i regionen.

Det vert oppfordra til å inkludera kultur- og opplevingsnæringane, og å sjå på problemstillingar knytt til bruk av IKT.

Kven kan søkje

  • Prosjektansvarleg søkjar skal vere enkeltbedrift eller ei samanslutning av bedrifter med FoU-kompetanse og/eller som samarbeider med FoUinstitusjonar. Samanslutning inkluderer foreining, organisasjon eller samskipnad av bedrifter
  • Prosjektansvarleg søkjarbedrift skal ha adresse i fondsregionen
  • FoU-institusjonar kan også stå som prosjektansvarleg søkjar, dersom dei har samarbeidsavtale med ei bedrift eller samanslutning av bedrifter i fondsregionen
  • Prosjektansvarleg søkjar skal vere registrert med organisasjonsnummer
  • Prosjektansvarleg søkjar kan samarbeide i prosjektet med FoU-institusjonar, bedrifter, private og/eller offentlege organisasjonar i eller utanfor fondsregionen.

Tilskotsramme:

  • Ordninga med regionale forskingsfond er notifisert i ESA etter reglar for statsstøtte. Det vert lagt til grunn at støtte frå Regionalt forskingsfond Vestlandet, saman med Skattefunn og eventuelle andre offentlege midlar til saman ikkje kan utgjere meir enn 50 % av den samla prosjektfinansieringa. Eigenfinansiert innsats frå offentlege universitet og høgskular vert rekna som offentleg støtte.
  • Det vert lagt til grunn at prosjekta vert finansiert saman med ordninga for Skattefunn der dette er mogeleg. Søkjar pliktar å vurdere Skattefunnpotensiale for det aktuelle prosjektet i søknaden.
  • Dersom det ligg føre eit potensiale for å nytte Skattefunn vil Regionalt forskingsfond Vestlandet kunne dekkje inntil 35 % av godkjende kostnader i prosjektet.
  • Dersom potensiale for å nytte ordninga med Skattefunn ikkje ligg føre vil Regionalt forskingsfond Vestlandet kunne dekkje inntil 50% av godkjende kostnader til prosjektet.
  • Maksimalt søknadsbeløp er 3 millionar kroner. Godkjende prosjekt vil samla kunne få inntil 1 million kroner i støtte for kvart år i prosjektperioden.

Øvrige vilkår

  • Søknader frå SMB-bedrifter som samarbeider med FoU-institusjonar vil verte prioriterte
  • Prosjekta skal ha tidslengd på 1-3 år.
  • Kostnader som gir grunnlag for støtte er personalkostnader, kjøp av FoU-tenester og relevante driftskostnader. Avskrivingskostnader for utstyr kan verte dekka.
  • Det er ønskjeleg at søkjar nyttar Nærings-PhD-ordninga til Forskingsrådet.
  • Regionalt forskingsfond Vestlandet tek seg retten til å diskutere søknaden med andre offentlige virkemiddelaktørar når det er relevant for søknadsbehandlinga.