Gå direkte til innhold

Energi - Regionale bedriftsprosjekt

Det vert lyst ut forskingsmidlar til regionale bedriftsprosjekt innan tema Energi med søknadsfrist 15. oktober 2014 kl. 13.00.

Annen støtte Velg
Søknadsfrist:
15.10.2014 13:00 CEST

Meldinger:

Utlysinga vil verte aktivisert seks veker før søknadsfristen. Før det er det ikkje muleg å opprette elektronisk søknad.
Bedrifter eller konsortium av bedrifter med adresse i fondsregionen (Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane) kan søkje.

Status:

Gjennomført

Antatt tilgjengelige midler:

Inntil 23 mill. kr. er sett av til søknadar innan dei fire utlysingane med frist 15. oktober 2014: Bærekraftig matproduksjon, Energi, Reiseliv og Offentlege utviklingsoppgåver på Vestlandet.

Den økonomiske ramma kan verte endra.



Føringer og viktige forhold for alle søknadstyper i utlysningen:

Regionale bedriftsprosjekt skal ta utgangspunkt i strategisk viktige problemstillingar for bedriftene og utløyse FoU-aktivitet som spesielt bidrar til forskingsdriven innovasjon og bærekraftig verdiskaping.

Regionalt forskingsfond Vestlandet inviterer til søknadar innan følgjande deltema:

Optimalisering innan olje- og gassindustrien
Det er mange store forskingsmessige og kunnskapsintensive utfordringar knytt til den vidare utviklinga av energiproduksjon på norsk sokkel. Eksempelvis er bore- og brønnteknologi eit avgjørande og framtidsretta teknologiområde med stort verdiskapingspotensial for vidareutvikling av petroleumsverksemda.

Viktige forskingstema i denne samanheng er utvikling av meir kostnadseffektive leitekonsept for å finne nye ressursar, haleproduksjon (hente ut mest mulig olje/gass frå reservoara), samt miljø og teknologiutvikling.

Energieffektivisering, miljøteknologi og ny fornybar energi
Regionalt forskingsfond Vestlandet ønskjer å oppretthalde fokuset på optimalisering av energibruk både for maritim sektor og landbasert aktivitet - samt korleis ulike energiberarar kan spele saman.

Det er behov for meir kunnskap om føresetnadene for å utvikle forholdet mellom den langreiste energien og den kortreiste energien. Dette kan til dømes vere nye tekniske miljøløysingar i forhold til produksjon, transport, lagring og bruk av energi samt meir optimal/effektiv drift av skip og utstyr.

Regionalt forskingsfond Vestlandet ønskjer vidare å stø forsking knytt til teknologiutvikling innan tema som geotermisk energi, bioenergi, solseller og andre former for ny fornybar energi.

Subsea
Regionalt forskingsfond Vestlandet lyser ut midlar innan subsea produksjons- og prosesseringssystem for olje og gass.

Dette omhandlar løysingar eller tenester knytt til delsystem og eller komponentar relatert til eller som inngår i subsea produksjons- og prosesseringssystem.

Prosjekt som gir meir kost- og/eller energi-effektive løysingar vil verte prioriterte.

Offshore vind
Regionalt forskingsfond Vestlandet ønskjer å oppretthalde fokuset på problemstillingar innan offshore vindkraft.

Det vert lagt spesiell vekt på prosjekt som bidrar til ei meir økonomisk berekraftig utbygging av offshore vind.

Forskingsprosjekt som målsett eller bidrar til utvikling av kommersielle produkt og tenester vil verte prioriterte.


Kven kan søkje

  • Søkjar skal vere enkeltbedrift eller konsortium av bedrifter med FoU-kompetanse og/eller som samarbeider med FoU-institusjonar. Med nemninga konsortium av bedrifter vert det inkludert ulike samarbeidsformer der bedrifter er involvert
  • Prosjektansvarleg søkjar skal ha adresse i fondsregionen
  • Prosjektansvarleg søkjar skal vere registrert med organisasjonsnummer
  • Søkjarane kan på fritt grunnlag velje kva FoU/forskingsmiljø, bedrifter eller organisasjonar dei ønskjer å samarbeide med, uavhengig av geografisk plassering

Tilskotsramme

  • Ordninga med regionale forskingsfond er notifisert i ESA etter reglar for statsstøtte. Det vert lagt til grunn at støtte frå Regionalt forskingsfond Vestlandet, saman med Skattefunn og eventuelle andre offentlege midlar til saman ikkje kan utgjere meir enn 50% av dei samla prosjektkostnadene.
  • Regionalt forskingsfond Vestlandet legg til grunn at prosjekta vert finansiert saman med ordninga for Skattefunn der dette er mogeleg. Søkjar pliktar på dette grunnlaget å vurdere Skattefunn potensiale for det aktuelle prosjektet i søknaden.
  • Dersom det ligg føre eit potensiale for å nytte ordninga med Skattefunn vil Regionalt forskingsfond Vestlandet kunne dekkje inntil 35% av godkjende kostnader i prosjektet.
  • Dersom potensiale for å nytte ordninga med Skattefunn ikkje ligg føre vil Regionalt forskingsfond Vestlandet kunne dekkje inntil 50% av godkjende kostnader til prosjektet.
  • Maksimalt søknadsbeløp er 3 millionar kroner. Godkjende prosjekt vil kunne få inntil 1 million kroner i støtte for kvart år i prosjektperioden.

Øvrige vilkår

  • Søknader frå SMB-bedrifter som samarbeider med FoU-miljø vil bli prioriterte
  • Prosjekta skal ha tidslengd på 1-3 år.
  • Kostnader som gir grunnlag for støtte er personalkostnader, kjøp av FoU-tenester, relevante driftskostnader og eitt eller fleire stipend. Avskrivingskostnader for utstyr kan verte dekka.
  • Det er ønskjeleg at søkjar nyttar Nærings-PhD-ordninga til Forskingsrådet.
  • Regionalt forskingsfond Vestlandet tek seg retten til å diskutere søknaden med andre offentlige virkemiddelaktørar når det er relevant for søknadsbehandlinga.