Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold

Bærekraftig matproduksjon – Grøn og marin sektor - Regionale bedriftsprosjekt

Det vert lyst ut forskingsmidlar til regionale bedriftsprosjekt innan tema Bærekraftig matproduksjon, grøn og marin sektor med søknadsfrist 15. oktober 2014 kl. 13.00.

Annen støtte Velg
Søknadsfrist:
15.10.2014 13:00 CEST

Meldinger:

Utlysinga vil verte aktivisert seks veker før søknadsfristen. Før det er det ikkje muleg å opprette elektronisk søknad.
Bedrifter eller konsortium av bedrifter med adresse i fondsregionen (Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane) kan søkje.

Status:

Gjennomført

Antatt tilgjengelige midler:

Inntil 23 mill. kr. er sett av til søknadar innan dei fire utlysingane med frist 15. oktober 2014: Bærekraftig matproduksjon, Energi, Reiseliv og Offentlege utviklingsoppgåver på Vestlandet.

Den økonomiske ramma kan verte endra.

Føringer og viktige forhold for alle søknadstyper i utlysningen:

Regionale bedriftsprosjekt skal ta utgangspunkt i strategisk viktige problemstillingar for bedriftene og utløyse FoU-aktivitet som spesielt bidrar til forskingsdriven innovasjon og bærekraftig verdiskaping.

Regionalt forskingsfond Vestlandet inviterer til søknadar innan følgjande deltema: 

Bruk av råstoff, dyrefôr og fokus på god dyre- og fiskehelse
Regionalt forskingsfond Vestlandet ønskjer å stø opp under forsking som kan stimulere ny bruk av råstoff frå blå og grøn sektor. Forholdet mellom mat og helse er mellom dei tema som er aktuelle. Vidare ønskjer fondet å stimulere til ny kunnskap om korleis dyre- og fiskefôr kan vidareutviklast på ein slik måte at det gir miljøvenleg produksjon og utvikling av nye produkt. Fondet ønskjer å stø forsking som kan medverke til å sikre god dyre- og fiskehelse.

Ny teknologi innan akvakulturnæringa
Regionalt forskingsfond Vestlandet ønskjer fokus på ny teknologi innan akvakulturnæringa. 

Råvarekvalitet og nye produksjonsprosessar
Regionalt forskingsfond Vestlandet ønskjer å stø forskingsprosjekt som kan styrke kunnskapsplattforma og innovasjonsevna innan industriell gastronomi og kulinarisk differensiering til det beste for norsk matproduksjon. Det er viktig å stimulere til prosessoptimalisering i heile verdikjeda.

Vidare ønskjer fondet å stø opp om forsking innan område som ulike produktkvalitetar og nye teknologiske prosessar knytt til produksjon av mat – t.d. for å hindra plantesjukdom.

Med utgangspunkt i Vestnorske råvarer kan ein innan desse områda rette søkjelys på kvalitetsfremjande forsking både innan grøn og blå sektor.


Kven kan søkje

  • Søkjar skal vere enkeltbedrift eller konsortium av bedrifter med FoU-kompetanse og/eller som samarbeider med FoU-institusjonar. Med nemninga konsortium av bedrifter vert det inkludert ulike samarbeidsformer der bedrifter er involvert
  • Prosjektansvarleg søkjar skal ha adresse i fondsregionen
  • Prosjektansvarleg søkjar skal vere registrert med organisasjonsnummer
  • Søkjarane kan på fritt grunnlag velje kva FoU/forskingsmiljø, bedrifter eller organisasjonar dei ønskjer å samarbeide med, uavhengig av geografisk plassering

Tilskotsramme

  • Ordninga med regionale forskingsfond er notifisert i ESA etter reglar for statsstøtte. Det vert lagt til grunn at støtte frå Regionalt forskingsfond Vestlandet, saman med Skattefunn og eventuelle andre offentlege midlar til saman ikkje kan utgjere meir enn 50% av dei samla prosjektkostnadene.
  • Regionalt forskingsfond Vestlandet legg til grunn at prosjekta vert finansiert saman med ordninga for Skattefunn der dette er mogeleg. Søkjar pliktar på dette grunnlaget å vurdere Skattefunn potensiale for det aktuelle prosjektet i søknaden.
  • Dersom det ligg føre eit potensiale for å nytte ordninga med Skattefunn vil Regionalt forskingsfond Vestlandet kunne dekkje inntil 35% av godkjende kostnader i prosjektet.
  • Dersom potensiale for å nytte ordninga med Skattefunn ikkje ligg føre vil Regionalt forskingsfond Vestlandet kunne dekkje inntil 50% av godkjende kostnader til prosjektet.
  • Maksimalt søknadsbeløp er 3 millionar kroner. Godkjende prosjekt vil kunne få inntil 1 million kroner i støtte for kvart år i prosjektperioden.

Øvrige vilkår

  • Søknader frå SMB-bedrifter som samarbeider med FoU-miljø vil bli prioriterte
  • Prosjekta skal ha tidslengd på 1-3 år.
  • Kostnader som gir grunnlag for støtte er personalkostnader, kjøp av FoU-tenester, relevante driftskostnader og eitt eller fleire stipend. Avskrivingskostnader for utstyr kan verte dekka.
  • Det er ønskjeleg at søkjar nyttar Nærings-PhD-ordninga til Forskingsrådet.
  • Regionalt forskingsfond Vestlandet tek seg retten til å diskutere søknaden med andre offentlige virkemiddelaktørar når det er relevant for søknadsbehandlinga.