Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold

Rapportering frå prosjekt med støtte frå RFF Vestlandet

Her finn du informasjon om rapportering frå prosjekt. Du kan òg laste ned skjema for rapportering frå kvalifiseringsprosjekt og lese om krav til årleg rekneskapsrapportering frå flerårige prosjekt.

Kvalifiseringsstøtte (forprosjekt)


Frist for rapportering står i tilsegnsbrevet frå RFF Vestlandet, sendt til prosjektansvarleg organisasjon/bedrift.

Her kan du lasta ned obligatoriske skjema og malar for sluttrapportering:

  • Sluttrapportskjema kvalifiseringstøtte Last ned Word - 60 KB
  • Mal for populærvitskapleg artikkel Last ned DOCX - 35 KB
  • Rettleiing for sluttrekneskap (oppdatert oktober 2018) Last ned PDF - 94 KB
  • Sluttrekneskapsskjema kvalifiseringsprosjekt (oppdatert mal oktober 2018) Last ned XLSX - 122 KB - NB. Har to fanar (Kostnadsspesifikasjon og Rekneskapsrapport)  

Inntil anna er bestemd, skal kvalifiseringsprosjekta sende inn sluttrapporteringa på ein av desse tre måtane:

  1. E-post til sekretariatet: forsking@hfk.no
  2. Digital (sikker) post til organisasjonsnummer 938626362 (Hordaland fylkeskommune)
  3. Vanleg post til Regionalt forskingsfond Vestlandet, Hordaland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen

Prosjektansvarleg må sjølv vurdera sendemåte. Tittel på sendinga skal vera "Sluttrapport til RFF Vestlandet frå (prosjektnummer) (prosjektnamn)"


Hovudprosjekt (regionale bedriftsprosjekt, regionale offentlege prosjekt og forskarprosjekt)


Framdriftsrapportering:
Frist for årleg framdriftsrapport er 20. januar året etter. Det vil si at 20. januar 2018 er frist for å rapportere for 2017. Framdriftsrapportering vil skje gjennom ein online spørjeundersøking (SurveyExact). Av tekniske årsaker vil berre prosjektleiar vil få e-post med link til undersøkinga. Lenken kan verte vidaresendt til andre som skal bidra til rapporten.

Rekneskapsrapportering:
Frist for årleg rekneskapsrapportering er 1. mars året etter. E-post med melding om rapportering vil bli sendt ut og malar vert gjort tilgjengeleg på "Mitt nettsted". Bestilling om rapportering går til administrativt ansvarleg for prosjektet, med kopi til prosjektleiar. Berre administrativt ansvarleg vil kunne sende inn rapporten.

Her kan du sjå:
- rettleiing til rekneskapsrapport for 2017 PDF - 72 KB
- mal for rekneskapsrapport for 2017 PDF - 106 KB

Sluttrapportering:
Frist er 1 månad etter prosjektslutt (eldre prosjekt kan ha andre fristar").
Vi sender ut to bestillingar - ein på rekneskapsrapportering til administrativt ansvarleg og ein for resultatrapportering til prosjektleiar.

Merk at mal for sluttrekneskapsrapport er den same som for årleg rekneskapsrapport.

 

Kontakt sekretariatet på forsking@hfk.no, dersom du har spørsmål om rapportering.

Publisert:
20.01.2016
Sist oppdatert:
04.10.2018