Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold

Vi får nye nettsider etter påske

Regionalt forskingsfond Vestlandet får ny nettsider 24. april. Dette får konsekvensar for deg som skal sende inn søknad om kvalifiseringsstøtte i mai. Kva gjer du då?

Tips om korleis få ferdig kvalifiseringssøknad til fristen 21. mai 2019.

Neste frist for kvalifiseringsstøtte er 21. mai. Alle informasjon om utlysingane og malar finn du her på våre gamle nettsider og på testversjonen av dei nye nettsidene. Frå 24. april finn du informasjonen berre på dei nye nettsidene.

VIKTIG: DET ER IKKJE MULEG Å OPPRETTE SØKNADSSKJEMA OG SENDE INN SØKNAD FØR 15. MAI. Då vert søknadsskjemaet kopla opp til utlysinga på dei nye nettsidene.

Eit godt råd er å ta ut mal for prosjektbeskriving no, og gjere den ferdig til 15. mai. Då skal du fint klare å bli ferdig med heile søknaden innan fristen 21. mai kl. 24.00.

Nye og enklare nettsider

Dei regionale forskingsfonda samarbeider med Forskingsrådet om nye nettsider. Dei nye nettsidene vil du sjå 24. april. Målet vårt er at du raskt skal finne den informasjonen du trengjer.

Ta kontakt med oss i sekretariatet om du har spørsmål.
 

Skrevet av:
Randi Lotsberg
Publisert:
11.04.2019
Sist oppdatert:
11.04.2019