Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold

Utlysing av forskingsmidlar i 2019

Som tidlegare annonsert vert hovudsøknadsfristen for fleirårige prosjekt 13. februar 2019. Utlysingane av kvalifiseringsstøtte vil på nytt verte aktivisert i løpet av november. Fyrste frist her er 4. mars.

Regionalt forskingsfond Vestlandet vil i løpet av november legge ut som planlagt utlysingane av regionale bedriftsprosjekt og regionale offentlege prosjekt for 2019.

Vi vil óg på nytt opne opp utlysingane av kvalifiseringsstøtte for 2019.

I tråd med handlingsplanen for 2018-19 er tema som i 2018, med mindre justeringar i søknadsskjema og utlysingstekstane. 

Tabellen under viser tema og søknadsfristar.

 

Utlysingstema Søknadstype 13. febr 2019 Løpande (med frist* 4. mars,
8. mai**, 21. aug)
 

Innovasjon basert på teknologi og kompetanse innan hav- og energinæringane
(for bedrifter)

Kvalifiseringsstøtte

 

Regionale bedriftsprosjekt

 

 

X

X

Innovasjon innan berekraftig matproduksjon og bioøkonomi
(for bedrifter)

Kvalifiseringsstøtte

 

Regionale bedriftsprosjekt

 

 

X

X
Innovasjon i kommunal sektor
(for kommunar)
 

Kvalifiseringsstøtte

 

Regionale offentlege prosjekt

 

 

X

X


 *  Utlysing av kvalifiseringsstøtte gjeld så lenge det er midlar igjen. Det vert ikkje forskotert midlar for året etter, slik vi har gjort tidlegare.
** Med atterhald at nye nettsider fungerer som planlagt.


Prosjektverkstad for søkjarar i Stavanger og Bergen

Minnar om at vi held prosjektverkstad i Stavanger 13. november og Bergen 11. desember.

På verkstaden vil du bli introdusert til verktøy for prosjektutvikling og korleis skrive ein god søknad om finansiering. Passer for bedrifter, kommunar og forskarar som skal søkje Regionalt forskingsfond Vestlandet om kvalifiseringsstøtte eller større prosjekt til fristen i februar 2019. Er også relevant for dei som jobbar med innovasjonssøknader eller nærings/offentleg phd til Forskingsrådet.

Potensielle søkjarar frå Sogn og Fjordane må gjerne ta kontakt med sekretariatet – og kan sjølvsagt også delta på verkstadene i dei andre fylka.

 

Hugs å abonner på nyhendebrevet vårt, slik at du er 
oppdatert på utlysingar og anna viktig informasjon.

 

 

Skrevet av:
Randi Lotsberg
Publisert:
05.11.2018
Sist oppdatert:
05.11.2018