Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold

Nyheter

Fyrste tildeling av kvalifiseringsstøtte for 2019

Fem bedrifter og fire kommunar har fått kvalifiseringsstøtte for 2019.
Dato: 14.12.2018

Oversikt nye kvalifiseringssøknader

Vi fekk inn 24 nye søknader om kvalifiseringsstøtte til fristen 1. november 2018. Her er oversikten.
Dato: 08.11.2018

Utlysing av forskingsmidlar i 2019

Som tidlegare annonsert vert hovudsøknadsfristen for fleirårige prosjekt 13. februar 2019. Utlysingane av kvalifiseringsstøtte vil på nytt verte aktivisert i løpet av november. Fyrste frist her er 4. mars.
Dato: 05.11.2018

Utlysing av kvalifiseringsstøtte for 2019 er aktiv

Bedrifter og kommunar kan no søkje på våre utlysingar av kvalifiseringsstøtte for 2019. Første søknadsfrist er 1. november 2018. Merk også søknadsfrist 13. februar 2019 for hovudsøknader. Dette vert einaste utlysing av hovudsøknader i 2019.
Dato: 01.10.2018

Men kven skal styre pengesekken?

At eit regionalt perspektiv må sterkare inn i norsk forskings- og innovasjonspolitikk, var det stor semje om på årskonferansen for dei regionale forskingsfonda (RFF). Korleis dette skal skje – og ikkje minst kven som skal ha hand om pengesekken – er likevel spørsmål som skapar debatt.
Dato: 20.09.2018

Ros for arbeid med offentleg sektor

Dei regionale forskingsfonda (RFF) hausta mykje ros på konferansen – og då ikkje først og fremst frå seg sjølve – for å ha bidratt til å sette fokus på det store innovasjonsbehovet i offentleg sektor.
Dato: 20.09.2018

Fleire forskarar ut i bedriftene

Å få fleire forskarar ut av kontora og inn i bedriftene, kan vere eit godt grep for å auke innovasjonstakta i næringslivet. Det meiner økonomiprofessor Ragnar Tveterås.
Dato: 20.09.2018

Regionale forskingsfond gir viktig risikoavlastning

For Noregs største farmasiselskap har støtte frå dei regionale forskingsfonda vore særs viktig for å oppretthalde tempoet i heilt nødvendig utforsking av nye produksjonsprosessar.
Dato: 20.09.2018

Kvalifiseringsstøtte til fem bedrifter og tre kommunar

Her er oversikten over dei som får midlar i tildelinga i september 2018.
Dato: 14.09.2018

Tilsette kan bidra med smarte løysingar, men ikkje utan støtte i kommunen

Første bod når ein skal fornye og forenkle kommunale tenester, er at medarbeidarar som kjenner feltet spør seg kva behov det eigentleg er ein skal dekke.
Dato: 07.09.2018

Sikrar boreriggar mot cyberangrep

Eksplosjonen på boreriggen Deepwater Horizon skapte katastrofe i Mexicogolfen i 2010. No jobbar norske forskarar for å hindre at cyberangrep skal kunne utløyse liknande hendingar i Nordsjøen
Dato: 07.09.2018

Regionalisering av forsking og utvikling i Europa

Hagen-utvalet sitt forslag om å overføre to milliardar forskingskroner årleg til dei nye fylkeskommunane, skaper debatt. Ein ny rapport viser at store delar av Europa no går i retning av ein meir desentralisert forskings- og innovasjonspolitikk.
Dato: 10.09.2018

Hugs å melde deg på årskonferansen

Ny frist for påmelding til regionale forskingsfond sin årskonferanse er 16. august. Konferansen vert arrangert på Sola 11. og 12. septemberl. Gå ikkje glipp av debatten om regionalisering av forskingspolitikken. Forskingsstøtta innovasjon i bedrifter og offentleg sektor er óg på dagsorden.
Dato: 13.08.2018

Kvalifiseringsstøtte til ni prosjekt

Ni søkjarar frå næringsliv og kommunal sektor får kvalifiseringsstøtte frå Regionalt forskingsfond Vestlandet. Her er oversikten over dei som får midlar i tildelinga i juni 2018.
Dato: 05.06.2018

Forskingsmidlar til åtte nye hovudprosjekt i 2018

Regionalt forskingsfond Vestlandet gir til saman 23 millionar kroner til åtte nye forskingsprosjekt i landsdelen.
Dato: 18.06.2018