Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold

Nyhetsarkiv

186 treff
21.02.19

Vi fekk inn heile 44 søknader frå bedrifter og kommunar no i februar.

Her er oversikt over søknadene.
14.12.18

Fyrste tildeling av kvalifiseringsstøtte for 2019

Fem bedrifter og fire kommunar har fått kvalifiseringsstøtte for 2019.
07.11.18

Oversikt nye kvalifiseringssøknader

Vi fekk inn 24 nye søknader om kvalifiseringsstøtte til fristen 1. november 2018. Her er oversikten.
05.11.18

Utlysing av forskingsmidlar i 2019

Som tidlegare annonsert vert hovudsøknadsfristen for fleirårige prosjekt 13. februar 2019. Utlysingane av kvalifiseringsstøtte vil på nytt verte aktivisert i løpet av november. Fyrste frist her er 4. mars.
28.09.18

Utlysing av kvalifiseringsstøtte for 2019 er aktiv

Bedrifter og kommunar kan no søkje på våre utlysingar av kvalifiseringsstøtte for 2019. Første søknadsfrist er 1. november 2018. Merk også søknadsfrist 13. februar 2019 for hovudsøknader. Dette vert einaste utlysing av hovudsøknader i 2019.
17.09.18

Men kven skal styre pengesekken?

At eit regionalt perspektiv må sterkare inn i norsk forskings- og innovasjonspolitikk, var det stor semje om på årskonferansen for dei regionale forskingsfonda (RFF). Korleis dette skal skje – og ikkje minst kven som skal ha hand om pengesekken – er likevel spørsmål som skapar debatt.
17.09.18

Ros for arbeid med offentleg sektor

Dei regionale forskingsfonda (RFF) hausta mykje ros på konferansen – og då ikkje først og fremst frå seg sjølve – for å ha bidratt til å sette fokus på det store innovasjonsbehovet i offentleg sektor.
14.09.18

Fleire forskarar ut i bedriftene

Å få fleire forskarar ut av kontora og inn i bedriftene, kan vere eit godt grep for å auke innovasjonstakta i næringslivet. Det meiner økonomiprofessor Ragnar Tveterås.
14.09.18

Regionale forskingsfond gir viktig risikoavlastning

For Noregs største farmasiselskap har støtte frå dei regionale forskingsfonda vore særs viktig for å oppretthalde tempoet i heilt nødvendig utforsking av nye produksjonsprosessar.
14.09.18

Kvalifiseringsstøtte til fem bedrifter og tre kommunar

Her er oversikten over dei som får midlar i tildelinga i september 2018.
07.09.18

Tilsette kan bidra med smarte løysingar, men ikkje utan støtte i kommunen

Første bod når ein skal fornye og forenkle kommunale tenester, er at medarbeidarar som kjenner feltet spør seg kva behov det eigentleg er ein skal dekke.
07.09.18

Sikrar boreriggar mot cyberangrep

Eksplosjonen på boreriggen Deepwater Horizon skapte katastrofe i Mexicogolfen i 2010. No jobbar norske forskarar for å hindre at cyberangrep skal kunne utløyse liknande hendingar i Nordsjøen
07.09.18

Regionalisering av forsking og utvikling i Europa

Hagen-utvalet sitt forslag om å overføre to milliardar forskingskroner årleg til dei nye fylkeskommunane, skaper debatt. Ein ny rapport viser at store delar av Europa no går i retning av ein meir desentralisert forskings- og innovasjonspolitikk.
07.08.18

Hugs å melde deg på årskonferansen

Ny frist for påmelding til regionale forskingsfond sin årskonferanse er 16. august. Konferansen vert arrangert på Sola 11. og 12. septemberl. Gå ikkje glipp av debatten om regionalisering av forskingspolitikken. Forskingsstøtta innovasjon i bedrifter og offentleg sektor er óg på dagsorden.
05.06.18

Kvalifiseringsstøtte til ni prosjekt

Ni søkjarar frå næringsliv og kommunal sektor får kvalifiseringsstøtte frå Regionalt forskingsfond Vestlandet. Her er oversikten over dei som får midlar i tildelinga i juni 2018.
05.06.18

Forskingsmidlar til åtte nye hovudprosjekt i 2018

Regionalt forskingsfond Vestlandet gir til saman 23 millionar kroner til åtte nye forskingsprosjekt i landsdelen.
01.06.18

Smarte grep gir vellukka rehabilitering av eldre

Det heile startar med noko så enkelt som ein naturleg samtale – utan medisinske fagtermar – om kva som er viktig for at den enkelte eldre skal få det betre.
03.05.18

Velkomen til Årskonferanse for Regionale forskingsfond 2018

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og Forskingsrådet sin administrerande direktør John-Arne Røttingen kjem, saman med fleire fylkesordførarar, sentrale personar i forskingsmiljø og samarbeidspartnarar til dei regionale forskingsfonda. Kjem du?
23.04.18

Oversikt nye søknader om kvalifiseringsstøtte i april

Regionalt forskngsfond fekk inn 16 nye søknadar om kvalifiseringsstøtte til fristen 18. april. Styret vil behandle søknadene på styremøtet i Sogndal 6. og 7. juni. HER ER OVERSIKT OVER SØKNADENE:
21.02.18

Invitasjon til Årskonferanse for Regionale forskingsfond 2018 på Sola

På konferansen den 11. – 12. september ser vi spesielt på samspelet mellom regional og nasjonal forskingspolitikk i lys av regionreforma. Vi får innsikt i regionale forskings- og innovasjonssystem og blir kjend med nye forskingsresultat.
21.02.18

Oversikt søknader til fristen 14. februar

Det kom inn 19 søknader til utlysinga av regionale bedriftsprosjekt med fleire tema. Til utlysinga av regionale offentlege prosjekt - innovasjon i kommunal sektor, kom det inn 7 søknader.
07.02.18

Seks nye kvalifiseringsprosjekt får støtte

Den nye styreleiaren Jenny Følling leia møtet som beslutta å gi støtte til seks nye, spanande kvalifiseringsprosjekt. Jennny Følling er fylkesordførar i Sogn og Fjordane og tek over frå fylkesordføraren i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal.
16.01.18

Fekk 13 nye kvalifiseringssøknader i januar

Styret vil behandle søknadene som kom inn til 8. januar i neste møte, som er 6. februar.
15.12.17

Nye kvalifiseringsprosjekt får støtte

Det kom inn 28 søknader om kvalifiseringsstøtte til 8. november. To søknader vart avvist på formelt grunnlag. 14 av dei 26 godkjende søknadene fekk tilsegn om støtte på styremøtet 14. desember. Her er oversikt over dei nye prosjekta.
01.12.17

Lyser ut 35 milllionar i forskingsmidlar for 2018

Løpande kvalifiseringsstøtte er lagt ut som planlagt. Det er muleg å opprette søknad frå 11. desember. Merk frist for innsending seinast 8. januar for å få vedtak i fyrste styremøte. Utlysingane av Regionale bedriftsprosjekt og Regionale offentlege prosjekt - Innovasjon i kommunal sektor med søknadsfrist 14. februar er lagt ut som planlagt. Frå 3. januar 2018 er det muleg å opprette søknader.
28.11.17

Makrellfilet vert betre med forskarhjelp

I dag vil kvalitetsmedvitne japanarar helst ha makrellen sin handfiletert i Kina. Med forskarhjelp skal norsk fiskeindustri kunne lage like fine filetar her heime.
28.11.17

Spår kven som mister straumen ved uvêr

Då orkanen «Tor» trefte norskekysten i 2016, hadde forskarar allereie rekna ut kven som ville miste straumen. Dei trefte overraskande godt.
28.11.17

Informasjon om utlysingar i 2018

Regionalt forskingsfond Vestlandet vil snart publisere utlysingane av regionale bedriftsprosjekt og regionale offentlige prosjekt med frist 14. februar 2018. Vi legg også ut ny løpande utlysing av kvalifiseringsstøtte. Tematisk vert utlysingane i hovudsak som i 2017, med nokre mindre justeringar.
13.11.17

Stor pågang av kvalifiseringssøknader

Det kom inn 28 søknader om kvalifieringsstøtte innan 8. november. Styret vil behandle søknadene i møte 14. desember. Det vert då også avgjort om nokre av søknadene kan verte finansiert over 2018-budsjettet.
06.11.17

Skal forske på tryggare turisme til fjells

Trolltunga, Preikestolen og Kjerag trekkjer fleire hundre tusen menneske til fjells. Det skapar nye problemstillingar for lokalsamfunna, mellom anna når det gjeld tryggleik.