Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold

ÅRSKONFERANSEN 2018:

Ros for arbeid med offentleg sektor

Dei regionale forskingsfonda (RFF) hausta mykje ros på konferansen – og då ikkje først og fremst frå seg sjølve – for å ha bidratt til å sette fokus på det store innovasjonsbehovet i offentleg sektor.

Iselin Nybø, forsknings- og høgare utdanningsminister. Både forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, avdelingsdirektør Ane Marte Rasmussen frå Forskingsrådet og Helge Eide, områdedirektør for interessepolitikk i KS, trekte fram betydinga regionale forskingsfond har for å mobilisere kommunar og fylkeskommunar til å gi seg i kast med forskingsstøtta innovasjon.

Sidan starten i 2010, har om lag 25 prosent av dei totale løyvingane på 1,5 milliardar kroner frå RFF-ane, gått til innovasjonsforsking i offentleg sektor. Mange av aktørane som har fått støtte, har tidlegare ikkje vore involverte i forsking.

Eide ga uttrykk for at fonda har gitt særs viktige bidrag til å styrke forskinga på, i og ikkje minst saman med offentleg sektor: - Eg meiner dette viser at ein slett ikkje skal vere redd for å gi dei nye fylkeskommunane meir omfattande oppgåver innanfor forskings- og innovasjonspolitikken.

Innsats for offentleg innovasjon

At ein treng å satse meir på forskingsstøtta, offentleg innovasjon, var det stor semje om i konferansesalen på Sola. Rasmussen frå Forskingsrådet fortalde at dei hadde spelt inn i til regjeringa sitt arbeid med langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, at innsatsen for å fornye offentleg sektor må styrkast betydeleg.

- Og eit av hovudbodskapa våre har vore at innovasjon i offentleg sektor må bygge på og vere informert av forsking, sa Rasmussen.

Ho meinte at RFF-ane ikkje berre har vore ein viktig mobiliserande faktor, men også har ei viktig rolle knytt til nettverksbygging – både mellom kommunane og mot forskingsmiljøa – og ikkje minst ved å støtte ei stor tematisk bredde av forskingsprosjekt med utgangspunkt i offentlege innovasjonsbehov.

Som døme på vellukka samarbeid mellom regionale, nasjonale og internasjonale støtteordningar, viste ho til forskingsprosjektet «Stop It», som handlar om å sikre offentleg vassforsyning. Dette starta som eit regionalt prosjekt i vann- og avløpsetaten i Oslo kommune med støtte frå RFF Hovedstaden, og er i dag eit Horisont 2020-prosjekt med 22 internasjonale partnarar og over 8 millionar euro i EU-støtte.

Program for statleg sektor?

I 2017 løyvde Forskingsrådet 517 millionar kroner til forsking i offentleg sektor; hovudsakeleg til ordninga med offentleg sektor-ph.d. og til innovasjonsprosjekt.

- Samanlikna med dei totale løyvingane på 9 milliardar, er dette likevel beskjedent, men no utviklar vi gode strategiar for å styrke satsinga. Vi har FORKOMMUNE, som har skapt enorm interesse frå kommunane, og vi vil også utvikle ei tilsvarande ordning for statleg sektor, slik at vi i sum får ein sterk, brukarstyrt arena for offentleg sektor, sa Rasmussen.

Ho viste til at ein har etablert det ein kan kalle ei «innovasjonstrapp», der støtteordningane går frå midlar til utvikling og kompetanse via regionale forskingsfond og nasjonale program heilt opp til Horisont 2020.

- Målet er at denne trappa skal vere så brei, enkel og godt tilpassa ulike aktørar sine behov som berre mogleg, sa Rasmussen.

Kontinuerleg kommunal omstilling

Ingrid Nordbø, rådmann i Sola kommune (Foto: Elisabeth Tønnessen ) Sola-rådmann Ingrid Nordbø fortalde om erfaringane med følgjeforsking i samband med den omstillinga kommunen har vore inne i sidan oljedippen. Sola kommune har vore eigar av prosjektet «Medarbeidardriven innovasjon i kommunar – frå prosjekt til praksis», som fekk støtte frå RFF Nord-Norge og RFF Vestlandet.

- Reine kostnadskutt skapte få grunnleggande endringar i arbeidsform og prioriteringar, var svært energikrevjande, og vi følte at vi ikkje kom til rota i vår eiga drift. Vi ville finne ein annan metode for å drive omstilling; skape ein kultur der alle saman tok ansvar for kontinuerleg forenkling, forbetring og fornying, sa Nordbø, som delte mellom anna følgjande lærdomar med forsamlinga:

  • Språk er viktig, ordet «innovasjon» skaper ei sperre for mange, derfor snakka ein i Sola kommune i staden om forenkling, forbetring og fornying.
  • Det er nesten umogleg å bruke for mykje tid på å sørgje for at leiing og organisasjon har same oppfatning av mål og retning for endringsarbeid. Ein kan nesten ikkje bli tydeleg nok.
  • Endring handlar om leiarutvikling og medarbeidarutvikling parallelt. I Sola kommune brukte ein mykje tid på ansvarleg- og myndiggjering av tilsette og på å understreke at eit leiaroppdrag også er eit kontinuerleg endringsoppdrag.
  • Det er viktig å vie mykje tid til førstelinjeleiarar som til dømes avdelingssjukepleiarar, rektorar og seksjonsleiarar i avdeling for park og grønt.
  • Ein må leggje til rette for eldsjelene i organisasjonen – gi dei rom til å prøve og feile – og samtidig passe på at dei ikkje brenn seg ut.
  • For å unngå det ein kan kalle «kommunal overbehandling», er det særs viktig å heile tida spørje seg «kva for behov er det eigentleg ein skal dekke?».
  • Og så må ein ikkje minst etablere eit system og ein metodikk for å fange opp gode idear og løysingar og sørge for at organisasjonen som heilskap tar lærdom av dei.

- Det kjekke med følgjeforskinga var at vi fekk gjort viktige korrigeringar undervegs samtidig som vi også fekk bekrefta at vi på mange område var på rett spor. Vi fekk mellom anna bekrefta at medarbeidarane forstod at dei hadde eit personleg ansvar for å bidra til endring, sa Nordbø, som elles hausta latter med følgjande observasjon:

- Vi såg også at folk slett ikkje var redde for nye ting, men at dei har vondt for å slutte med det gamle. Derfor krevst det tydeleg styring for å sikre at ikkje gammal praksis vert levande side om side med ny. Så ein treng både motivasjon og kondisjon for å leie endringsprosessar. 

Skrevet av:
Øystein Rygg Haanæs
Publisert:
17.09.2018
Sist oppdatert:
20.09.2018