Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold

ÅRSKONFERANSEN 2018:

Regionale forskingsfond gir viktig risikoavlastning

For Noregs største farmasiselskap har støtte frå dei regionale forskingsfonda vore særs viktig for å oppretthalde tempoet i heilt nødvendig utforsking av nye produksjonsprosessar.

Torfinn Håland, forskingskoordinator for landets største farmasøytiske selskap, GE Healthcare AS Sjølv for bedrifter som er del av internasjonale konsern med tung forskingsaktivitet, kan relativt små midlar frå regionale forskingsfond vere av stor betyding for å sikre konkurransekraft og arbeidsplassar i Noreg.

Det meiner Torfinn Håland, forskingskoordinator for landets største farmasøytiske selskap, GE Healthcare AS (tidlegare Nycomed) i Lindesnes. Han var ein av foredragshaldarane under dei regionale forskingsfonda sin årskonferanse på Sola.

GE Healthcare produserer kontrastmiddel for medisinsk diagnostisering, og røntgenprodukta deira har i dag om lag 40 prosent av verdsmarknaden. For å oppretthalde – eller aller helst styrke – denne posisjonen, må dei stadig vere på hogget og både produsere smartare og drive innovativ produktutvikling.

Vil ikkje setje på ny gryte kvar dag

- Ein viktig del av strategien vår er å komme vekk frå klassisk batch-produksjon der ein «hiver ting i ei gryte og rører rundt til det er ferdig». Målet er i staden å utvikle kontinuerlege produksjonsprosessar som er meir stabile, meir energieffektive og ikkje minst betre eigna til å auke til det volumet som er nødvendig for å møte den aukande globale etterspurnaden, seier Håland.

GE Healthcare har fått støtte frå det regionale forskingsfondet i Agder (RFF Agder) til tre pågåande forskingsprosjekt der endring av produksjonsprosessane står sentralt. Det dreier seg om to forprosjekt og eit bedriftsprosjekt.

- Både produkta og produksjonsprosessane våre er i sin natur nokså komplekse, og det krevst stor forskings- og utviklingsinnsats om ein skal ha moglegheit til å lukkast. Då kjem midlane frå RFF Agder godt med som ei form for risikoavlastning, fortel Håland.

- Kva legg du i omgrepet risikoavlastning?

- I ein tidleg fase veit vi ikkje nødvendigvis kor mykje ideane våre har for seg, og då kan det kjennest veldig risikofylt å starte eit omfattande forskingsprosjekt. Då er det mykje betre med eit forprosjekt av den typen RFF støtter, med mindre midlar og kortare tidsperspektiv. Då kan ein få gjort innleiande forsking, slik at ein får avklart om ideane har livets rett.

Gir kvalitetsstempel

No skulle ein kanskje tru at eit stort internasjonalt konsern som GE kunne finansiere denne typen forsking sjølv, men så enkelt er det ifølgje Håland ikkje.

- Det er ofte sånn at jo større og meir globalt selskapet er, jo meir konkurranse er det internt om midlane som skal brukast til forsking og utvikling. I ein tidleg utviklingsfase er det stor risiko, og det er krevjande å få utløyst midlar før ein har dokumentert at ting verkar og at dei har eit betydeleg gevinstpotensial.

- For oss har midlane frå det regionale fondet vore svært viktig for å halde oppe tempoet i det vi kan kalle eksplorativ forsking. At vi får midlar via det norske verkemiddelapparatet, har også betydning for oss internt i GE fordi det set eit eksternt kvalitetsstempel på forskinga. Det kan bidra til å utløyse interne forskingsmidlar og sikre at vi kan oppretthalde verksemd i Noreg, forklarer Håland.

Fra paneldebatten f.v.: Helge Eide, områdedirektør for interessepolitikk i KS, John-Arne Røttingen, administrerande direktør i Noregs forskingsråd, Iselin Nybø, forskings- og høgare utdanningsminister, Torfinn Håland, forskingskoordinator i GE Healthcare AS, Jenny Følling, styreleiar for RFF Vestlandet og fylkesordførar i Sogn og Fjordane og Lars Helle, Aftenbladet-redaktør og panelleiar.

 

Skrevet av:
Øystein Rygg Haanæs - Tekstklekkeriet
Publisert:
14.09.2018
Sist oppdatert:
20.09.2018