Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold

ÅRSKONFERANSEN 2018:

Men kven skal styre pengesekken?

At eit regionalt perspektiv må sterkare inn i norsk forskings- og innovasjonspolitikk, var det stor semje om på årskonferansen for dei regionale forskingsfonda (RFF). Korleis dette skal skje – og ikkje minst kven som skal ha hand om pengesekken – er likevel spørsmål som skapar debatt.

Dei hadde teft, dei musikalsk særs kyndige elevane frå Stavanger katedralskole som valde «Money Money» av ABBA som opningshymne for konferansen. For det heile handla ein del om pengar – og ikkje minst om samanhengen mellom midlar og reell makt over den regionale forskings- og innovasjonspolitikken.

Årskonferansen 2018 vart halde på vakre og vindblåste Sola, med RFF Vestlandet som vertskap og Aftenbladet-redaktør Lars Helle som munter og myndig møteleiar første dag. Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal ønskte velkommen til olje- og matfylket Rogaland med ei oppmoding om å halde fram det gode samarbeidet som er etablert gjennom RFF-ane – uavhengig av framtidige fylkesgrenser. 

Makt og midlar

Det heitaste temaet på konferansen var naturleg nok Hagen-utvalet sitt forslag om overføring av to milliardar forskingskroner årleg til dei nye fylkeskommunane – forvalta etter modell av dei regionale forskingsfonda.

For å føregripe litt og starte med slutten, så var ikkje Toini Løvseth, styreleiar for RFF Nord-Norge, i tvil om viktigheita av temaet då ho summerte opp konferansen:
- Diskusjonen om å gi dei nye fylkeskommunane sterkare styring over regional forskings- og innovasjonspolitikk handlar ikkje om nyansar eller om lokalisering av forskingsbyråkrati. Det handlar djupast sett om å anerkjenne det folkevalde, fylkeskommunale nivået som ein viktig samordningsaktør i det norske samfunnet.

I paneldebatten om Hagen-utvalet deltok Iselin Nybø, forskings- og høgare utdanningsminister, Helge Eide, områdedirektør for interessepolitikk i KS, Jenny Følling, styreleiar for RFF Vestlandet og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, John-Arne Røttingen, administrerande direktør i Noregs forskingsråd og Torfinn Håland, forskingskoordinator i GE Healthcare AS.

Panelet f.v.: Helge Eide, områdedirektør for interessepolitikk i KS, John-Arne Røttingen, administrerande direktør i Noregs forskingsråd, Iselin Nybø, forskings- og høgare utdanningsminister, Torfinn Håland, forskingskoordinator i GE Healthcare AS, Jenny Følling, styreleiar for RFF Vestlandet og fylkesordførar i Sogn og Fjordane og Lars Helle, Aftenbladet-redaktør og panelleiar

Det følgjande er på ingen måte er ei utfyllande framstilling av det som vart sagt, men nokre små smakebitar frå debatten og frå innlegga til paneldeltakarane. Dei fleste av presentasjonane frå konferansen finn de her.

Regional samordning gir heilskapleg politikk

Jenny Følling har etter eige utsegn «omfamna Hagen-utvalet med begge hender». Ho viste til at utvalet sin argumentasjon bygger på at ei sterkare regional forankring av nærings- og kompetansepolitikken vil sikre mindre avstand mellom beslutningstakarane og brukarane av verkemiddelapparatet.

- I dag har staten avgrensa informasjon om korleis verkemidla samla sett fungerer i ein region. Likevel er det staten som gjer prioriteringane av innsatsen til dei ulike ordningane. Ei samordning av nærings-, forskings- og innovasjonspolitikken med andre fagområde i fylka, vil gi ei meir heilskapleg regional innretting. Dette vil gi større og betre koordinert effekt i høve til dei regionalpolitiske målsettingane innanfor sektorar som næringsutvikling, samferdsle og utdanning – og kan dessutan gi viktige bidrag til auka innovasjon i offentleg sektor, sa Følling.

«Tidenes verste timing»

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø vart introdusert med at «ho er kjent for å ha bidratt til auke i snopforbruket i departementet». Den som hadde venta seg godsaker i form av budsjettlekkasjar eller klare standpunkt til Hagen-utvalet, måtte like fullt – og slett ikkje overraskande – nøye seg med ferske muffins frå hotellbakeriet.

- Regjeringa sitt første omfattande svar om forskingspolitikken kjem den 8. oktober, då vi legg fram den reviderte langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Same dag kjem også statsbudsjettet, så dette er på mange måtar tidenes verste timing – eg veit alt og kan ikkje seie noko, sa ministeren.

Ho understreka at behovet for omstilling og god kunnskapsflyt mellom næringsliv, utdanning og forsking aldri har vore større i Noreg, og la elles vekt på at vi har ein godt utbygd infrastruktur for forsking og høgare utdanning som er ganske desentralisert.

- Staten har mellom anna ansvaret for basisfinansiering av dei mange uavhengige forskingsinstitutta; ein klar styrke for vår evne til å ta i bruk, utvikle og spreie kunnskap. Elles er det viktig at utdanningsinstitusjonane våre er på høgde med forskingsfronten internasjonalt, det vil også bidra til å utløyse det regionale verdiskapingspotensialet i heile landet, sa Nybø.

Siloar og forskingsråd i miniatyr

John-Arne Røttingen, administrerande direktør i Noregs forskingsråd, la vekt på at alle FoU-midlar må sjåast i ein nasjonal kontekst. Han meinte at i staden for å følgje Hagen-utvalet sitt forslag, vil det vere betre å dra det regionale perspektivet sterkare inn i nasjonale program, sikre regional kompetanse i programstyra og styrke fylkeskommunane si rolle som oppdragsgivar.

- Eg trur nok at vi er samde om måla, vi jobbar også for å få inn ein sterkare geografisk dimensjon i programma våre, akkurat slik vi tidlegare sørgde for å få inn ein sektordimensjon ved sidan av den opphavlege faglege dimensjonen. Men eg trur det er viktig å understreke at Hagen-utvalet har laga eit idégrunnlag; dei har ikkje rukke å gå i detalj. Vi er redde for at forslaget skal resultere i regionalt forankra siloar som ikkje jobbar i ein nasjonal kontekst. Det kan gi fragmentering av forskingsmidlane og i ytste konsekvens bety at vi får 10-11 forskingsråd i miniatyr. Det vil redusere den internasjonale konkurransekrafta vår og svekke evna til å levere på nasjonale føringar, sa Røttingen.

Han understreka elles at dei regionale forskingsfonda har hatt ein viktig mobiliserande funksjon, og at det er all mogleg grunn til å vidareutvikle det gode samarbeidet mellom NFR og RFF-ane.

Viktig demokratisk prinsipp

Helge Eide frå KS – ifølgje debattleiar Helle «ein ringrev frå alle forvaltingsnivå» – meinte at Hagen-utvalet sine forslag kan bidra til å styrke demokratiet i Noreg og gi betydelege samordningsgevinstar på tvers av sektorane i dei nye fylka.

- Eg meiner dessutan at forslaget støttar opp under eit viktig demokratisk prinsipp: Skjønnsmessige avgjerder knytte til regional utvikling må ligge på eit folkevald, regionalt nivå. Då må ein også få større kontroll over verkemidla for forsking og innovasjon, for i dag går vi glipp av dei store moglegheitene fylkeskommunane har til å samordne sektorpolitikken regionalt, sa ringreven.

Han meinte også at måten fylkeskommunane skjøttar ansvaret for dei vidaregåande skulane på, viser at nasjonal politikk absolutt kan utøvast på ein god måte gjennom fylkeskommunale organ.

Nærleik til næringslivet

Torfinn Håland, forskingskoordinator hos GE Healthcare, trekte fram tempo, fleksibilitet og nærleik til næringslivet som store fordelar med dei regionale forskingsfonda.

- Dei bidrar til å styrke eksplorativ forsking som kan gje store gevinstar på sikt, men som på grunn av risikoen kan vere vanskeleg å finansiere andre stader. Sjølv i selskap som er del av globale konsern, kan midlar frå RFF bety viktig risikoavlastning, sa Håland.

Han ga også uttrykk for at fristane hos Forskingsrådet kunne opplevast som rigide og ventetida lang når ein forska på kritiske prosessar med stramme tidsfristar.

Eit lengre intervju med Håland kan du lese her.

Vel møtt i Innlandet

Ein passande avslutning får vere å gå attende til Toini Løvseth frå RFF Nord-Norge: - Denne debatten handlar ikkje om nyansar, men om makt og pengar og om kva som best kan bidra til innovasjon og auka verdiskaping i dei ulike regionane.

Det får vere siste ord frå Sola – så står det berre att å ønskje velkomen til ny årskonferanse i 2019, med RFF Innlandet og fylkeskommunane Hedmark og Oppland som vertskap.

Skrevet av:
Øystein Rygg Haanæs
Publisert:
17.09.2018
Sist oppdatert:
20.09.2018