Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold

ÅRSKONFERANSEN 2018:

Fleire forskarar ut i bedriftene

Å få fleire forskarar ut av kontora og inn i bedriftene, kan vere eit godt grep for å auke innovasjonstakta i næringslivet. Det meiner økonomiprofessor Ragnar Tveterås.

Ragnar Tveterås, professor i industriell økonomi på Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger Auka innovasjon i bedriftene er ei – blant fleire – viktige målsettingar for dei regionale forskingsfonda. Og skal ein lukkast med å auke innovasjonstakta, må ein forstå kva som påverkar bedriftene sin innovasjonsevne.

Det veit Ragnar Tveterås, professor i industriell økonomi på Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger, ein hel del om. Han var ein av innleiarane på årskonferansen på Sola.

- Vi har hamra laus på store datasett med meir enn 27 000 bedriftsobservasjonar og analysert resultata med avanserte økonometriske modellar. Resultata gir ein god peikepinn om faktorar som påverkar innovasjonsevna, og det er liten tvil om at eksternt samarbeid – med andre organisasjonar i verdikjeda og med forskingsinstitusjonar – er ein nøkkel, sa Tveterås.
Datahamringa viser at følgjande faktorar påverkar sannsynlegheita for at bedrifter samarbeider med andre om innovasjon:

  • Større firma samarbeider oftare
  • Bedrifter med høgare løn samarbeider oftare
  • Bedrifter med eigne FoU-medarbeidarar samarbeider oftare
  • Firma i Hedmark, Oppland, Sogn og Fjordane, Trøndelag, Nordland og Troms samarbeider oftare
  • Firma i Finnmark samarbeider sjeldnare

- Når det gjeld kva som påverkar sannsynlegheita for at ein faktisk innoverer, ser vi at storleiken på bedrifta ikkje har særleg betyding, i alle fall ikkje for produktinnovasjon. Lønsnivået og ikkje minst det å ha eigne FoU-medarbeidarar, har derimot stor påverknad på sannsynlegheita for både produkt- og prosessinnovasjon, summerte Tveterås opp.

Kva blir så lærdomen?

- Jo, fleire forskarar må ut i bedriftene. I dag er det truleg for mykje fokus på konvensjonell forsking der ein sit i forskingsinstitusjonane og forskar utan nærkontakt med næringslivet. Vi kan også med fordel i mykje større grad utnytte den kapasiteten forskarar kan ha som rådgivarar for bedriftene.

I salen satt blant annet f.v. Arne Monrad Johnsen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Rigmor Fardal, Forskningsrådets ansvarlige i Hordaland, Bård Sandal, fylkesdirektør regional utvikling, Hordaland fylkeskommune og Kathrin Jakobsen, seksjonsleiar forsking, internasjonalisering, analyse, Hordaland fylkeskommune.

Forskingsmusklane ujamt fordelte

Tveterås fortalde også at forskingsinnsatsen og forskingsmidlane i Noreg er geografisk ujamt fordelte:

- Dei forskingspolitiske musklane ligg rundt Oslofjorden. Det er her halvparten av den norske FoU-innsatsen skjer. Ser vi på FoU-utgifter per innbyggar, ligg Oslo og Trøndelag langt over dei andre fylka som er hovudsete for eit universitet.

Det er også slik at brorparten av forskinga i Oslo og Trøndelag skjer på dei store forskingsinstitusjonane. I andre delar av landet, og då særleg i fylka Buskerud, Sogn og Fjordane, Vestfold, Telemark og Møre og Romsdal, skjer ein større del av forskinga i næringslivet.

Det var nok ikkje fritt for at enkelte i salen – særleg sett i lys av regjeringa sitt mål om å auke FoU-innsatsen primært gjennom meir forsking i næringslivet – såg dette som eit godt argument for auka desentralisering av dei næringsretta forskingsmidlane.


 

Skrevet av:
Øystein Rygg Haanæs
Publisert:
14.09.2018
Sist oppdatert:
20.09.2018