Om nettstaden

Kunnskapssenter.no er nettsida til Kunnskapssenter for utdanning.

Kunnskapssenteret blei lansert av dåverande statsråd Kristin Halvorsen 16. mai 2013. Senteret er oppretta som del av Noregs forskingsråd med eige mandat og tildeling frå Kunnskapsdepartementet. Føremålet er å etablere eit robust kunnskapsgrunnlag "som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdanning og opplæring slik at kunnskapen kjem til nytte i barnehagar, skolar, høgre utdanningsinstitusjonar og i den offentlege forvaltninga" (Framlegg til statsbudsjett, Kunnskapsdepartementet, St.prop 1 2013-2014).

Kort rettleiing i bruk av nettstaden

Denne nettstaden er bygd opp rundt ein tilrettelagt base for forskingsbasert kunnskap om utdanning (kunnskapsbasen). Her er systematiske kunnskapsoversikter, anna forsking og analyse mm søkbar. Innhaldet er delt inn etter utdanningsnivå, emne eller som fritekst.

Kunnskapsbasen har tre hovudnivå;
a) Kunnskapsstatus: Ein kortare tekst som gir overblikk over kunnskapsstatusen innanfor emnet, presentert av ein forfattar med professorkompetanse.
b) Forsking og analyse: I hovudsak vil dette vere systematiske kunnskapsoversikter. Andre former for forsking og analyse som kan illustrere, utfylle eller motseie funn i systematiske kunnskapsoversikter kan bli inkludert.
c) Praksisskildringar: Redaksjonelle artiklar i varierte former (intervju, nyheit, reportasje, video, …) som kan auke relevansen og underbygge kontekstar slik at ulike brukargrupper lettare kan koble forskingsbasert kunnskap med eiga røynsle.

I tillegg vil nyheiter, ytringar og arrangement finnast på nettstaden. Nokre av dei viktigaste blir presentert på framsida, men du finn alle publiserte nyheiter, ytringar og alle arrangement i kalenderen via menyen i øvre høgre hjørne. Annan informasjon om Kunnskapssenteret er òg lagt til menyen. Alle delane av kunnskapsbasen vil bli bygd ut med meir og betre innhald over tid.

Nettbruk

Sidan denne nettstaden er bygd for å presentere store mengder informasjon ved hjelp av søk, har vi ikkje sett det som tenleg å lage eit nettstadskart.

I utforminga har vi lagt vekt på å tilpasse innhald og tenester til moderne krav til ein nettstad. Heimesida er bygd for å gi gode lesevilkår og elles å vere tilgjengeleg for så mange som mogleg. Vi har difor ikkje funnet det naturleg å bruke symbol til dømes for skalerbare sider, då alt innhaldet er tilpassa det som då ville vore det beste alternativet. Sidene er automatisk skalerbare frå storskjerm til nettbrett og mobil. Det er lagt inn forklaringar for bilete osb for synshemma.

Personvern følgjer nettpolitikken til Forskingsrådet. Dersom du har spørsmål eller kommentarar til denne nettstaden og innhaldet, set vi pris på å få tilbakemelding til oss. Dersom det gjeld nettpolitikken til Forskingsrådet, bruk denne lenka til rett adressat.

Bilete

Bileta på kunnskapssenter.no er samla frå ulike kjelder vi har avtale om å nytte oss av. Bilete vi har tatt sjølve, deler vi gjerne for ikkje-kommersielle føremål mot at brukaren krediterer fotograf ved namn og Kunnskapssenter.no. Send oss gjerne ei melding om slik bruk.

 

Atterhald

Kunnskapssenteret gjer sitt beste for å presentere robust og korrekt informasjon. Vi tar likevel ikkje ansvar for konsekvensar av eventuelle feil, mistydingar eller korleis informasjon frå vår nettstad kan bli brukt av andre. Det same gjeld for informasjon som via lenker ligg på tredjepartssider. Endringar kan skje, og då som oftast utan at vi vil kunne varsle om det.

Ta gjerne kontakt om du opplev tekniske problem eller har innspel til innhaldet eller til bruk av sidene våre.
 

Publisert: 03.03.2014
Sist oppdatert: 02.12.2014