Om Kunnskapssenteret

Kunnskapssenter for utdanning er etablert som ei avdeling i Noregs forskingsråd, Divisjon for samfunn og helse. Senteret blei formelt opna 16. mai 2013, av statsråd Kristin Halvorsen. Kunnskapssenteret si primære oppgåve er å produsere, samle, syntetisere og spreie forskingskunnskap om ulike problemstillingar i utdanningssektoren.

Årsmelding 2015 PDF - 1,5 MB
Årsmelding 2014 (PDF - 2,3 MB)
Årsmelding 2013 PDF - 2,2 MB
 

Som fagleg autonom aktør arbeider Kunnskapssenter for utdanning etter høg internasjonal standard med å samanstille utdanningsforsking og synleggjere korleis forsking kan bli tatt i bruk.

Gjennom tilrettelegging av ulike møteplassar bidrar Kunnskapssenteret aktivt til kunnskapsbasert politikkutforming, forvalting og praksis, og ein opplyst og kunnskapsbasert utdanningsdebatt.

Senteret formidlar forsking som er relevant for målgruppene, mellom anna om kva som verker og ikkje verker kvalitetsfremmande i barnehage, skule, opplæring og høgare utdanning. For at brukarane skal forstå korleis dei skal ha nytte av forsking i sin praksis, arbeider Kunnskapssenter for utdanning med spørsmål om korleis kunnskap frå forsking møter kunnskap frå erfaring og blir relevant i kvardagen.

Kunnskapssenterets viktigaste mål er å:

  • ha oversikt over nasjonal og internasjonal forsking
  • samanstille og formidle forsking som er relevant for målgruppene
  • bidra til ein kunnskapsbasert politikkutforming, forvaltning og praksis samt ein kunnskapsbasert utdanningsdebatt

Dette gjer Kunnskapssenteret ved å:

  • samle og presentere systematiske kunnskapsoversikter i ein open og tilgjengeleg database
  • samanfatte og omsette tilgjengelege kunnskapsoversikter, rapporter og kortfatta oversikter
  • presentere sentrale forskingsresultat frå norsk og internasjonal utdanningsforsking
  • identifisere kunnskapshull, og spele desse inn til myndigheter, forskingsmiljø og relevante programsatsingar i Forskingsrådet
  • bidra til auka kompetanse og kapasitet på samanstilling og oppsummering av forskingsresultat, i samarbeid med norske og internasjonale forskarar og med Forskingsrådets programsatsingar
  • skape møteplasser for forskarar, praktikarar og myndigheter

Kunnskapssenteret arbeider systematisk med å vidareutvikle sjangeren kunnskapsoversikter (systematic reviews). Dette arbeidet er nødvendig for å møte behovet for kunnskap hos dei ulike målgruppene til senteret, til dømes dei som utformar politikk, forskarar og tilsette i utdanningssektoren. Ved å utvikle ulike format for syntetisert forsking, blir det også mulig å skreddarsy produkta til det formålet dei er tenkte. Dette gjer det lettare for målgruppene å ta kunnskapen i bruk.

Kunnskapssenteret produserer, samlar og presenterer systematiske kunnskapsoversikter og forskingsoppsummeringar av høg kvalitet frå samarbeidande aktørar internasjonalt, for eksempel EPPI-senteret ved University College, London, Dansk Clearinghouse ved Aarhus Universitet, Education Counts (Iterative Best Evidence Synthesis) på New Zealand, Campbell Collaboration, What Works Clearinghouse og Wallace Foundation.

 

Publisert: 24.03.2014
Sist oppdatert: 22.02.2016