Norsk utdanningsforsking

Norsk utdanningsforsking finn sted ved fleire forskingsinstitusjoner i Noreg. Kunnskapssenter for utdanning har lagd nokre lister over aktive fagmiljø og forskarar innan ulike aktuelle forskingstema.

På denne sida presenterer Kunnskapssenteret lister over forskarar og fagmiljø som jobber med for Kunnskapssenteret aktuelle problemstillingar innan utdanningsforsking. Føremålet er å bidra til at forskarar og andre interesserte får lettare oversikt over kven som gjer kva innan norsk utdanningsforsking.

Listene er satt opp pr. institusjon etter søk i mellom anna Cristin-databasen, og syner forskarar med deira registrerte publikasjonsdata frå Cristin.

Listene er ikkje fullstendige, og vil trenge stadig oppdatering. Vær venleg og tips oss for oppdatering av listene.

Nasjonalt forum for utdanningsforsking

Kunnskapssenter for utdanning har teke over ansvaret for Nasjonalt forum for utdanningsforsking frå Kunnskapsdepartementet.

Forumet hadde sitt første møte etter at Kunnskapssenteret overtok ansvaret for forumet 24. april 2013 i Forskingsrådet i Oslo. Det var vel 40 deltakarar som representerte forskingsmiljø, interesseorganisasjonar, praksis, skuleeigarar, Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet.

Det andre møtet var eit mindre fora for inviterte norske forskarar og doktorgradsstudentar som var samla. Føremålet var å diskutere fagleg utvikling knytt til systematiske kunnskapsoppsummeringar og formar for grunnlagsforsking som er velegna for å kunne lage gode kunnskapsoppsummeringar. Møtet var 4. desember 2013 på Voksenåsen i Oslo.

Våren 2014 arrangerte Kunnskapssenteret den europeiske EIPPEE-konferansen 14. - 15. mai i Oslo i staden for eige møte i Nasjonalt forum for utdanningsforsking. Tema for konferansen var knytt til den felles europeiske utfordringa om korleis sikre at utdanningsforsking reelt kjem i bruk innan utdanningssektoren som betre grunnlag for politikkutforming og praksis. Her diskuterte ein mellom anna korleis få til ein infrastruktur som kan støtte opp om bruk av forsking i eit europeisk perspektiv. 

Publisert: 25.03.2014
Sist oppdatert: 11.04.2016