Systematiske kunnskapsoversikter

Systematiske kunnskapsoversikter eller –oppsummeringar er ein eigen forskingssjanger som skal bidra til å sikre eit robust kunnskapsgrunnlag for betre politikkutforming og tiltak i sektoren. Fordelen er at dei gir eit meir solid kunnskapsgrunnlag for praktiske avgjersler enn enkeltstudier der forskarane ofte kan konkludere forskjellig.

Å ha god oversikt over aktuell forskingslitteratur er ei umogleg oppgåve for dei som skal utforme utdanningspolitikk, for praktikarar og for folk flest. Korleis kan vi raskt få oversikt over eksisterande forsking, korleis den er utført og kva den har kome fram til? Ved å samanstille funn frå fleire forskingspublikasjonar kan ein lettare sjå kva forskarar er einige om og kva dei er usikre på.


I systematiske kunnskapsoversikter brukar forskarar ein systematisk og open prosess for å finne dei mest relevante forskingsbidraga frå eksisterande forsking til å belyse eit forskingsspørsmål. Ut frå fastsatte kriterier for inklusjon og eksklusjon finn ein seg fram til dei mest sentrale artiklane med omsyn til forskingsspørsmålet. Mellom desse inkluderte forskingsartiklane lager forskarane synteser for å belyse problemstillinga oppdragsgjevar ønskjer svar på. Artiklar som blir inkludert i ei systematisk kunnskapsoversikter, skal tilfredsstille strenge krav til forskingskvalitet samtidig som dei må vere relevante for å kunne svare på kva som verkar og kva som ikkje verkar.


Alle artiklane som inngår i ein systematisk kunnskapsoversikt, blir lagt inn i eit skjema for samanlikning av artiklane. Denne gjenskrivinga inneheld problemstilling, metode, tal på informantar, funn osb. frå kvar enkelt artikkel, og blir publisert som del av rapporten. Vanlegvis vil to forskarar avhengig av kvarandre gjere dette, før dei diskuterer resultatet med kvarandre.

Kunnskapsoversikter slår ofte fast noko som allereie er kjend. Det skuldast at funn frå forskingsartiklar blir offentleggjort så snart dei førelegg, medan det tar rundt eitt år å lage ei systematisk kunnskapsoversikter.


Systematiske kunnskapsoversikter er ein forskingsform som har grepet meir og meir om seg over heile verda og på stadig nye samfunnsområde. Sjangeren er i rask utvikling, og kvaliteten på syntesene blir stadig betre. Det er stor forskjell på ein slik rapport frå 2003 og ein frå 2013. I Noreg har Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta samla og systematisert forsking på dette viset i over ti år, medan Kunnskapssenter for utdanning kom i gang med slikt arbeid i 2013.


Av den tilgjengelege oppsummerte forskinga om utdanning som er tilgjengeleg i dag, er mesteparten engelskspråkleg og basert på undersøkingar frå USA og England. Nokre problemstillingar for utdanningsforsking er universelle og gjeld utdanning generelt, medan mange problemstillingar er likevel knytt til utdanningssystem og utdanningspolitikk i kvart land. Det er difor viktig å vurdere relevansen av de systematiske kunnskapsoversiktene for samanhengen de skal nyttast i.


Ein god systematisk oversikt er kjenneteikna ved å ha:
- Ein klar tittel og klart formål
- Ein omfattande og beskriven søkestrategi
- Klare kriterier for inklusjon og eksklusjon av primærstudiar
- Ei vurdering av kvaliteten på de inkluderte studiane
- Protokollføring av karakteristiske trekk for alle dei inkluderte studiane

Forskingsmetodar

Meir om noen former for forskingsmetode som relevante i denne samanhengen:

Effektstudier

Dei fleste studia som inngår i ein systematisk kunnskapsoversikt, er effektstudiar der ein har undersøkt verknaden av ein intervensjon eller eit tiltak. Eit døme på ein intervensjon kan være utprøving av eit nytt mobbeprogram eller ein ny undervisningsmetode.


For at vi skal kunne vite om ein metode eller intervensjon har effekt og kor stor effekten eventuelt er, opprettar ein som regel ei kontrollgruppe. Det vil seie at medan ei gruppe tar del i det nye programmet, vil ei anna gruppe (som er mest mogleg lik testgruppa) ikkje delta. Når mange enkeltstudier har undersøkt same eller liknande intervensjon og komme fram til dei same resultata eller tilsvarande resultat, kan vi seie at det er sannsynleg at eit bestemt tiltak har effekt.

Randomiserte studier

Dersom målet med forskinga er å måle effekt av eit tiltak, er randomisert kontrollert studie (RCT) rekna som den beste forskingsmetoden. Andre metodar kan og nyttast, men det vil som regel vere ein utfordring å ha kontroll på alle relevante variablar. Dette bør vere gjort reie for i rapporten/artikkelen. RCT er ein metode som vanlegvis tar sikte på å samanlikne to grupper. Gruppene bør være så like som mogleg med omsyn til alt som kan påverke utfallet.

I ein randomisert kontrollert studie skal deltakarane delast tilfeldig inn i ei testgruppe og ei kontrollgruppe. Dersom målet er å finne ut om skulemat verker inn på elevane sitt læringsutbytte, vil ein fordele deltakarane tilfeldig (random) i to grupper. Den ein gruppa får skulemat (testgruppa), medan den andre gruppa (kontrollgruppa) ikkje får skulemat. Det er mogleg å gjere liknande studier med til dømes fysisk aktivitet, ulike undervisningsmetodar, vurderingspraksis osv.

Randomisering er teknikken som mest sannsynleg gir samanliknbare grupper. Tilfeldig fordeling kan vere resultat av loddtrekning, men som regel bli fordelinga til ved hjelp av eit dataprogram.


Ei randomisert kontrollert studie går over ein tidsperiode. Når tida er omme, samanliknast resultata for dei to gruppene for å syne om tiltaket har effekt eller ikkje.

Kvalitativ metode

Vi bruker kvalitative forskingsmetodar når vi skal undersøke og beskrive erfaringar, opplevingar, handlingar og intensjonar til andre menneskjer. Det finnes ulike metodar for å framskaffe denne kunnskapen.


I kvalitative studier skjer datainnsamling hovudsakleg gjennom intervju eller observasjon, men kan også ha andre former, for eksempel dokumentanalyse. Mye kvalitativ forsking har relativt få deltakarar då målet er å få djup kunnskap. Ein ønskjer å få fram informantane sine eigne formuleringar gjennom eit rikt beskrivande datamateriale.


Analyse av kvalitative data kan variere, avhengig av den retninga ein arbeidar innan. Gjennom analyse prøver forskarane å finne meining i datamaterialet (å fortolke det som aktørane sjølve allereie har fortolka). Funna blir presentert i eit beskrivande og fortellande format med utdrag frå datamaterialet for å underbygge og illustrere hovudtema.

Publisert: 24.03.2014
Sist oppdatert: 03.06.2014