Internasjonalt nettverk

Kunnskapssenteret er del av eit verdsomspennande nettverk av kunnskapssentre for utdanning, og norsk medlem av Evidence Informed Policy and Practice in Education in Europe (EIPPEE).

Kunnskapssenteret sine viktigaste internasjonale partnarar og forskingsnettverk er: 

  • Dansk Clearinghouse for Uddannelsesforskning, Universitetet i Aarhus, København. 
  • EPPI Centre ved University College, London
  • The Netherlands Organisation for Scientific Research (NWO), Den Haag, Nederland
  • KNAER i Toronto, Canada, driver studiar av ‘best practice’ innanfor utdanning
  • Best Evidence Synthesis Programme, Ministry of Education, New Zealand
  • Campbell Collaboration er eit internasjonalt forskingsnettverk som produserer systematiske oversikter om effekten av tiltak innanfor sosial velferd, justis, utdanning og internasjonal utvikling. I Noreg har Campbell kontor ved Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta.
  • EIPPEE-nettverket (Evidence Informed Policy and Practice in Education in Europe). Kunnskapssenteret er Norges medlem av nettverket, som elles har medlemmar frå Austerrike, Belgia, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Island, Italia, Kypros, Litauen, Nederland, Polen, Portugal, Slovakia, Slovenia, Storbritannia, Sveits, Tyskland og Tyrkia.

Saman med Kunnskapsdepartementet og EPPI-senteret ved University College London var Kunnskapssenteret vertskap for den tredje internasjonale EIPPEE-konferansen i mai 2014. Sjå vår nyheitssak og meir informasjon hos EIPPEE.


 

Publisert: 24.03.2014
Sist oppdatert: 25.06.2015