Brukarrådet

Noregs forskingsråd utnemnde i 2013 medlemmar til eit brukarråd som skal hjelpe Kunnskapssenter for utdanning med å identifisere brukarbehov og moglege kunnskapshull innanfor utdanningsforsking. Brukarrådet møtest ein til to gonger i året.

Brukarrådet skal hjelpe Kunnskapssenteret ved å spele inn kunnskapsbehov frå brukarane i sektoren og fungere som ein fagleg diskusjonspartnar for senteret.

Brukarrådet blir oppnemnd for to år av gongen.

Medlemmer 2015:
Kjersti Flåten, avdelingsdirektør, Kunnskapsdepartementet
Kjetil Digre, divisjonsdirektør, divisjon for analyse og vurdering, Utdanningsdirektoratet
Gro Jamtvedt, professor, avdelingsdirektør, Kunnskapssenteret for helsetenesta
Bekka Skaasheim, fylkesdirektør, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Laila Susanne Sara Oskarsson, universitetslektor, UiT Noregs arktiske universitet (representerer Sametinget)
Erling Lien Barlindhaug, avdelingsdirektør for utdanning, KS
Xeni Kristine Dimakos, analysesjef, Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk (VOX)
Knut-Patrick Hanevik, dekan, Nasjonalt råd for lærerutdanning (NRLU)
Elisabeth S. Gundersen, leder, Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG)
Hans-Erik Lefdal, studieleiar, Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB)
Ane Krogsæter Aarre, lærar, Fyrstikkalleen skole
Svein-Erling Greiner, student, førskulelærarutdanninga, Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA)

Publisert: 24.03.2014
Sist oppdatert: 27.08.2015