Gå direkte til innhold

Stort nettverk gjev fleire moglegheiter

– Ver synlege, delta på arrangement og knyt kontaktar. Det er forskar Otto Andersen ved Vestlandsforsking sine viktigaste råd til dei som vil lukkast med større forskingsprosjekt.

Vestlandsforsking er partnar i eit større, internasjonalt prosjekt i EU-programmet Horisont 2020. Prosjektet, som har fått namnet ENABLING, skal bidra til overgangen frå oljebasert til biologisk plast.

For Vestlandsforsking var vegen inn i prosjektet rett og slett at dei vart spurde av den italienske prosjektkoordinatoren.

– Ver synlege, delta på arrangement og knyt kontaktar, rår forskar Otto Andersen, Vestlandsforsking. – Dei kjende til oss som ein relevant partnar fordi vi hadde vore aktive på området i fleire år. Vi har vore synlege på nett, vi har delteke på internasjonale konferansar og bygd relevant nettverk, forklarer Otto Andersen som har ansvar for Vestlandsforsking si deltaking i prosjektet.

Han oppmodar andre til å vere opne og imøtekommande når nokon tek kontakt med førespurnad om mogleg samarbeid.

– Responder raskt. Ikkje sjå for deg alle moglege problem, men sjå heller på moglegheitene som ein førespurnad kan gje. Du må vere villig til å ta ein risiko. Dersom du berre held deg til det trygge og kjende kjem du deg ikkje vidare, seier han.

Skal utvikle ny næring

På same måten som nettverksbygging var vegen inn i prosjektet for Vestlandsforsking, er det nettopp nettverksbygging dei skal bidra til i prosjektet ENABLING. Dei skal byggje nettverk mellom bøndene som kan tilby råstoff til bioplast, selskapa og forskarane som kan utvikle produkta og styresmaktene og organisasjonane som kan støtte produksjonen og auke marknaden.

Målet er at bioplast skal bli ei berekraftig næring i Europa. Mykje av grunnlaget finst allereie, og nye nettverk på tvers av landegrenser skal auke kunnskapen og moglegheitene for utvikling.

Prosjektet vert leia av ein italiensk bransjeorganisasjon og har 16 partnarar i heile Europa. Vestlandsforsking er ein av desse, og skal mellom anna finne fram til aktørar som kan samarbeide om bestemte produkt.

– Gjennom utveksling av kunnskap frå heile Europa, vil det heilt klart vere potensial for næringsutvikling, meiner Otto Andersen.

Opnar nye dører

Han trur at deltakinga i prosjektet også vil gje andre moglegheiter for Vestlandsforsking og andre norske aktørar.

– No får me eit mykje større nettverk som er viktig for seinare prosjekt. Vi vert godt kjende med dei andre partnarane i prosjektet, og får innblikk i aktuelle problemstillingar på europeisk nivå. Dette vil opne nye dører for norske aktørar, seier han.

Han legg til at det er viktig å vere open og fleksibel når ein skal samarbeide med så mange som 15 andre partnarar i eit internasjonalt prosjekt.

– Ein må vere imøtekomande og jobbe bra saman med folk frå andre kulturar, som ikkje nødvendigvis uttrykker seg så bra på engelsk. Ein må akseptere at forholda er ulike. Taklar du dette, vil internasjonalt samarbeid gje deg eit større perspektiv og gjere deg betre rusta til å handtere globale problem, seier han.

ENABLING startar opp mot slutten av 2017. Prosjektet har 16 partnarar frå heile Europa. Prosjektet skal gå over tre år, og har fått to millionar euro i EU-støtte gjennom programmet Horisont 2020. 

Skrevet av:
Laila Borge
Publisert:
02.10.2017
Sist oppdatert:
03.10.2017