Den største flytande havvindparken i verda

Hywind Tampen er eit flytande vindkraftprosjekt som skal forsyne oljeplattformene Snorre og Gullfaks med elektrisk kraft. Vindparken vil bli den første i verda som leverer straum til olje- og gassplattformer til havs.

Illustrasjonsfoto som viser vindmølle som motiv på frimerke

Equinors flytande havvindpark Hywind Tampen vil bli eit testmiljø for vidare utvikling av havvind. I parken vil Equinor prøve ut nye turbinar, installasjonsmetodar, forenkla forankring, betongstrukturar og integrasjon mellom kraftgenereringssystem for gass og havvind.

Parken ligg om lag 140 kilometer utanfor norskekysten, rett vest for Sognefjorden. Fjorden her er mellom 260 og 300 meter djup. Planen er at parken startar opp i tredje kvartal 2022.

Parken er sett saman av elleve vindturbinar. Noko som er nok til å kunne dekkje 35 prosent av det årlege elektriske forbruket av kraft på dei fem plattformene Snorre A og B, og Gullfaks A, B og C. Prosjektet vil fjerne 200 000 tonn CO2-utslepp og 1000 tonn NOx-utslepp i året. Den årlege produksjonen er rekna ut til å vere 384 GWh, som er omtrent ti prosent av vindkraftproduksjonen i Noreg.

Kvar turbin vil vere rundt 190 meter høg og ha rotorar på 167 meter i diameter. Understellet på turbinen er fylt med ballast, slik at heile konstruksjonen flyt i oppreist stilling. Det flytande designet gjer at Hywind-turbinar kan bli plasserte i havområde der vatnet er for djupt for vanlege botnfaste turbinar. Flytande turbinar kan ein plassere nesten kvar som helst der vatnet er meir enn 60 meter djupt og der vindtilhøva er optimale.

Hywind Tampen har fått namn etter Tampenområdet, som er ei samling olje- og gassfelt i den nordlege delen av Nordsjøen. Snorre- og Gullfaksplattformene er del av Tampenområdet.

Hywind Tampen-prosjektet har ein prislapp på fem milliardar kroner. ENOVA har løyvd 2,3 milliardar kroner til prosjektet. NOx-fondet til næringslivet støtta prosjektet med 566 millionar kroner.

Hywind er Equinors offshore vindmøllekonsept. Hywind blei utvikla av Norsk Hydro i 2001. Då Statoil tok over oljedivisjonen til Hydro i 2008, blei Hywind overført til Statoil, seinare Equinor. Den første pilot-vindmølla av Hywind-konseptet blei sett i drift i 2009 utanfor Karmøy.

Den første Hywind-mølla bestod av eit flyteelement, ein vindturbin, forankring og ein kabel til land. Mølla vog 5300 tonn. Kabelen var 13 kilometer lang, og han kom i land nær Skudeneshavn på sørspissen av Karmøy. Turbinen ruva 65 meter over havoverflata, og rotorane hadde ein diameter på 82 meter. Det flytande understellet stakk 100 meter ned under havoverflata og var festa på havbotnen med tre forankringspålar.

I 2010 leverte turbinen 7,3 GWh. Dette var meir enn dobbelt så mykje som forventa. Turbinen blei utsett for elleve meter høge bølgjer. Han viste seg å vere meir stabil enn det ein tidlegare har gått ut frå. Etter åtte år med testing har prototypen vist seg å fungere godt under alle typar vind- og bølgjeforhold.

Vindkraft står for omtrent seks prosent av all kraftproduksjon i Noreg. Landvind er vindturbinar som står på landjorda, enten i fjell-, skogs- eller kystområde. Havvind er turbinar på havet. Ein skil mellom flytande havvind, som er festa med eit anker, og botnfast havvind, som står fastmontert på havbotnen.

Av all vindkraft i verda, står havvind for berre 5,5 prosent. Ein forventar ein auke i åra framover til 30 prosent innan 2050. Av dette vil 20 prosent vere flytande havvind.

Nesten 80 prosent av havvindressursane finn vi i hav som er djupare enn 70 meter. Det vil seie at størstedelen av hava i verda ikkje er eigna for botnfaste vindturbinar. Vinden er sterkare og det blæs meir langt til havs.

Flytande havvind er spesielt aktuelt for Noreg fordi vi har få grunne havområde som eignar seg for botnfast havvind. Vi har også erfaring med flytande havvind, i tillegg til verdifull teknologisk innsikt og erfaring frå årelang drift i olje- og gassektoren som vi kan bruke ved utvikling av flytande vindkraftinstallasjonar til havs.

Kjelder:

  • Equinor.com
  • Wikipedia
  • Teknisk vekeblad
  • Snl.no
  • CICERO

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. april 2024, kl. 23:26 CEST

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 24. april betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 22. april og tysdag 23. april kl. 08.00–15.45 og onsdag 24. april kl. 08.00–13.00.