Nytt Norsk vegkart for forskingsinfrastruktur

Nasjonal satsing på forskningsinfrastruktur er Forskingsrådets verkemiddel for å bygge opp relevant og oppdatert infrastruktur og utstyr for forsking og innovasjon. Ny infrastruktur fører til internasjonalt leiande forsking og innovasjon på område som er viktige for samfunnet. No er den sjette versjonen av Norsk veikart for forskningsinfrastruktur ute.

Sidan oppstarten for ti år sidan, har 110 infrastrukturar blitt etablerte og vidareutvikla. Det er eit stort behov for å investere meir i e-infrastruktur og datainfrastrukturar framover, og dette er difor vektlagt spesielt i denne utgåva.

Norsk veikart for forskningsinfrastruktur 2020 skal underbyggje anbefalingane i Verktøy for forskning – Nasjonal strategi for forskningsinfrastruktur om å oppretthalde investeringsvolumet og sørgje for langsiktig finansiering av forskingsinfrastruktur i åra framover.

– Sidan oppstarten av ordninga har vi løyvd nesten seks milliardar kroner til etablering og vidareutvikling av rundt 110 forskingsinfrastrukturar, fortel administrerande direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen.

– Investeringane fører til at norske forskingsmiljø og næringsliv får tilgang til relevant og oppdatert infrastruktur som understøttar forsking av høg kvalitet, noko som i neste omgang er med på å møte kunnskapsutfordringane vi har i samfunnet innanfor viktige område som helse, klima, miljø og energi.

Deltaking i og samarbeid om etablering, drift og oppgraderingar av internasjonale forskings-infrastrukturar gir norsk forsking tilgang på infrastruktur i verdsklasse. Norske forskarar får dermed moglegheit til å delta i nyskapande og ressurskrevjande forsking som det elles ville vore umogleg å få til berre med nasjonale midlar.

Eit av prosjekta i Norsk veikast for forskingsinfrastruktur, SeaBee, plasserer Noreg i spissen for dronebasert forsking, kartlegging og overvaking av kystområde. Dette er eit samarbeidsprosjekt som skal leggje til rette for innhenting av stordata som er nødvendige for forvalting av økosystem, og samstundes fremje innovasjon, teknologisk utvikling og vekst, som er relevant for drone- og dronebasert industri. (Foto: SeaBee)

Viktig med kontinuerleg fornying og oppgradering av infrastrukturar

– Mange av infrastrukturane er på veg inn i, eller har komme i, driftsfase allereie. Det betyr at vi no, etter ti år med Nasjonal satsing på forskningsinfrastruktur, er komne dit at ein aukande del av dei nye investeringane vil gå til fornying og oppgradering av eksisterande nasjonale forskingsinfrastrukturar, seier Røttingen.

– Samstundes er det fleire ting som indikerer at det framleis er store behov for investeringar i ei rekkje nye infrastrukturar. Det kan vi sjå når vi les dei ulike områdestrategiane som vegkartet inneheld. Vi ser det også tydeleg gjennom dei søknadane vi mottek til Nasjonal satsing på forskningsinfrastruktur.

Kor bør vi leggje inn innsatsen framover?

Forsking blir stadig meir datadriven, noko som stadig krev større kapasitet på tungrekning og kapasitet. Vi ser også behovet for meir avansert verktøy for dataanalysar.

– Målsetjinga om open tilgang til offentleg finansierte forskingsdata krev også store investeringar i elektronisk infrastruktur som sørgjer for sikker og effektiv deling og gjenbruk av data, seier Røttingen.

– I januar i år lanserte vi ein policy for open forsking der vi understreka kor viktig det er at forskingsdata blir gjort tilgjengeleg for bruk framover.

Behovet for e-infrastruktur og datainfrastrukturar er store utfordringar innanfor alle forskingsområda, og dette har difor fått eit eige kapittel i vegkartet.

I perioden 2020–2021 vil dessutan verkemiddelet Nasjonal satsing på forskningsinfrastruktur bli evaluert.

Utlysing med frist 18. november 2020

Formålet med utlysinga er at norske forskingsmiljø og næringsliv får tilgang til relevant og oppdatert infrastruktur som understøttar forsking av høy kvalitet. Meir informasjon om utlysinga kjem i løpet av siste halvdel av juni 2020, men fristen for å sende inn obligatorisk skisse er 27. mai 2020, sjå skisseutlysinga her.

Om Norsk veikart for forskningsinfrastruktur