2363 Forskarprosjekt-søknader til maifristen

Trass i at vi har utfordrande tider, kom det totalt inn 2441 søknader til maifristen, dei fleste av desse til dei tre Forskarprosjekt-utlysingane. 32 har søkt på COVID19-hasteutlysinga "Innovasjonsprosjekt med privat-offentleg samarbeid".

– På grunn av koronapandemien landa vi i år på å utsetje fristen to veker, dette for å gi søkjarane tid til å fullføre søknadene sine, seier områdedirektør Kristin Danielsen i Forskingsrådet.

– Vi tenkte jo ekstra mykje på alle unge forskarar der ute – og fekk tydelege signal frå miljøa – som på grunn av sjonglering mellom heimekontor, heimeskole og søknadsskriving, trengt meir tid. Difor er det svært gledeleg å sjå at vi fekk inn 521 søknader på Forskarprosjekt-utlysinga som var retta mot dei unge forskartalenta, samanlikna med 474 i fjor. Det håper vi betyr at dei som hadde planar om å søke, fekk gjort nettopp det, seier Danielsen.

– I tillegg ser vi også at fordelinga mellom kvinnelege og mannlege prosjektleiarar i Forskarprosjekt-søknadane er så godt som likt som i fjor, så det ser ikkje ut til at krisa har slått ut skeivt på kjønnsfordelinga her: I fjor var det 40 prosent kvinnelege og 60 prosent mannlege prosjektleiarar, i år er tala høvesvis 39,3 og 60,7 prosent.

Se oversikt over prosjekta, talet søknader per søknadstype, per utlysing og per temaområde med meir

Vegen vidare for Forskarprosjekt – panelbehandling og tildelingar

– I tida fram mot sommaren sorterer vi no ut søknadene i grupper og etablerer ekspertpanel med rett kompetanse til å vurdere søknadene.

Til hausten skal vi gjennomføre sjølve panelmøta – alle som videomøte. Dei aktuelle porteføljestyra gjer vedtak om tildelingar i månadsskiftet november/desember, og i slutten av desember kjem vi til å offentleggjere tildelingane, fortel Danielsen.

Sjå behandlingsprosedyra for søknadene her. I høgremargen på same side, kan du også sjå ein film som forklarer korleis vi behandlar søknaden din.

Hugs også søknadsfristen 2. september 2020 for Kompetanse- og samarbeidsprosjekt

Forskingsorganisasjonar kan også søkje på rundt 1,6 milliardar innanfor et breitt utval av tema til fristen 2. september 2020:

Her skal forskingsmiljøa samarbeide med relevante aktørar utanfor forskingssektoren. Begge utlysingane samlar ulike tematiske område med tilhøyrande tilgjengelege midlar under éin paraply. Det vil seie at krav og føringar, kriterium og søknadsbehandlingsprosess er likt innanfor alle tema i kvar enkelt utlysing.

– Det er viktig å leggje merke til kva slags tematikk vi lyser ut under kvar utlysing. Det er ingen fri arena i Kompetanse- og samarbeidsprosjekt-utlysingar. De må difor rette søknaden inn mot ein eller fleire av temaa. Det kan dessutan vere midlar til same tematiske område i begge utlysingane, seier Danielsen.

Utlysingane opnar for søknader frå og med 15. juni.

Fristar 10. og 17. februar i 2021

I 2021 får Forskarprosjekt-utlysingane våre søknadsfrist 10. februar og Kompetanse- og samarbeidsprosjekt får frist 17. februar. Den utsette Forskarprosjekt-utlysinga Stort, tverrfagleg Forskarprosjekt – eit samarbeid om finansiering frå både Forskingsrådet (FRIPRO) og forskingsorganisasjonane – får dermed frist 10. februar.

Fakta om søknadsfristen