Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold
 

Avdeling for velferd og utdanning

Avdelingsdirektør: Marianne Jensen

Målet for Avdeling for velferd og utdanning er å medverke til betre kunnskapsgrunnlag for politikkutforming og praksis på sentrale samfunnsområde med store utfordringar.

Avdelinga samarbeider på tvers av Forskingsrådet i å studere viktige samfunnsendringar på tvers av sektorar, disiplinar og tema.

Avdelinga forvaltar og utviklar store forskingsfelt som velferd, migrasjon, arbeidsliv, ekskludering, utdanning og kompetanse. I tillegg er kjønnsbalanse i akademia ein del av avdelinga sitt ansvarsområde.

Det viktigaste verkemiddelet er handlingsretta program retta mot offentleg sektor og finansiert av sektordepartementa. Avdelinga har følgt opp følgjeevalueringar av fleire offentlege reformar, og bidreg også med aktivitetar retta mot innovasjon i dei relevante sektorane.

Avdelinga følgjer opp kapittel 5 om "Fornyelse i offentlig sektor og bedre og mer effektive velferds- helse- og omsorgstjenester" i Langtidsplan for forsking og høgre utdanning 2015–24. Arbeidet vårt er spesielt retta mot "Kunnskapsbaserte offentlige tjenester" og støttar opp om ein meir kunnskapsbasert tjenesteproduksjon og tjenesteutvikling, med særleg vekt på forskingssvake og tverrsektorielle område av strategisk betydning.

NCP for utfordring 6. Inkluderende, innovative og reflekterende samfunn i H2020 er knytte til avdelinga, og bidreg til internasjonalt samarbeid gjennom utlysingar og deltaking i europeiske- og internasjonale nettverk og aktivitetar.

Publisert:
07.10.2004
Sist oppdatert:
06.07.2017