Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold
 

Avdeling for utvikling og samarbeid

Avdelingsdirektør: Bjørn Tore Kjellemo

Avdelinga har særleg ansvar for utviklingsforsking, det vil seie forsking om global fattigdom, menneskerettar og berekraftig utvikling, forskning om internasjonale forhold og forsking for å styrke kunnskapsgrunnlaget i Noreg om andre land og regionar. Avdelinga har tematiske program innafor utviklings- og utanrikspolitikk, og forvaltar verkemiddel for fremje forskingssamarbeidet med land i Sør.

Avdelinga har vidare som oppgåve å medverke til at spørsmål knytt til Noreg sine internasjonale relasjonar og globalisering vert sett på dagsorden i Forskingsrådet. Avdelinga koordinerer det bilaterale forskingssamarbeidet til Forskingsrådet. Prioriterte samarbeidsland er USA, Canada, Russland, Japan, Kina, India, Sør-Afrika og Brasil.

Forskingsrådet skal medverke til å bygge opp forskingskapasitet i utviklingsland og det er oppretta fleire samarbeidsprogram med låg- og mellominntektsland, og land med overgangsøkonomi.

Arbeidet i avdelinga omfattar også aktivitetar innafor Det europeiske forskningsområdet (European Research Area) og fylgjer opp forskingsdelen av EØS-samarbeidet.

Se også:

Publisert:
31.07.2007
Sist oppdatert:
29.09.2017