Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold
 

Avdeling for utfordringsdriven innovasjon

Avdelingsdirektør: John Vigrestad

Tverrfaglege tilnærmingar står sentralt i Avdeling for utfordringsdriven innovasjon. Samfunnsutfordringane treng både framtidsretta, forskingsbaserte innovasjonar og kompetansebygging i forskingsinstitusjonane og i bedriftene. Innovasjonar skjer i begge miljøa, og dette fordrar godt samarbeid mellom dei og gode insentiv tilpassa begge sektorane. Til dømes er teknologi ofte ein viktig komponent innanfor transport, maritim næring og helse og omsorg. I tillegg er det søkelys på meir grøn næringsutvikling, omstilling i brei forstand og betydninga av samfunnsansvar i innovasjonsarbeid.

Avdelinga består av fem team: transport, maritim sektor, grøn næringsutvikling, helseinnovasjon og samfunnsansvar. Her er også kontaktpunkt mot relevant forsking i EU inkludert. Programma Transport 2025, MAROFF og SAMANSVAR og engasjementet i Finansmarkedsfondet, står sentralt i dette arbeidet.

Vil du vite meir?

  • Transport 2025 (programmet Forsking og innovasjon på transportområdet)
  • MAROFF (programmet Maritim verksemd og offshore operasjonar)
  • SAMANSVAR (programmet Ansvarleg innovasjon og bedriftene sitt samfunnsansvar)
  • Finansmarkedsfondet (Forsking og allmennopplysning om finansmarkedene)
Publisert:
12.01.2016