Gå direkte til innhold
 

Vinnarar av Forskingsrådets prisar

Prisvinnarar 2016

For framifrå forsking

Klimaforskarane Rolf Ims og Nigel Gilles Yoccoz, Institutt for arktisk og marin biologi ved Norges arktiske universitet UiT. Ved å kombinere empiriske og teoretiske tilnærmingar har Ims og Yoccoz bidrege med internasjonalt banebrytande kunnskap om grunnleggjande økologiske mekanismar og prosessar. Ims og Yoccoz er blant dei mest siterte forskarane i Noreg. Dei har publisert i internasjonale topptidsskrift som Nature, Science og PNAS, og står bak 250 vitskapelege publikasjonar.

Forskingsrådets formidlingspris

Etnologen Ingun Grimstad Klepp, Forbruksforskingsinstituttet ved Høgskolen i Oslo og Akershus, for engasjert formidling om tema som friluftsliv, klede og husarbeid, miljø, klesvanar. Grimstad Klepp har engasjert seg i den politiske debatten om forbruksvekst og miljøbelastning. Ho kombinerer perspektiv frå natur-, kultur- og samfunnsvitnskapeleg forsking i føredrag, bøker og utstillingar. Ho er dyktig til å tilpasse budskap til kanal og målgrupper, og har til dømes vore med i TV2 hjelper deg, Lindmo, Puls, Ekko, Norgesglasset, God morgen Norge og Farmen.

Forskingsrådets innovasjonspris

Dynatec for banebrytande produksjonsmetode for silisium. Bedrifta leverte maskiner, omnar og utstyr til baking. Ved hjelp av forsking og innovasjon har bedrifta utvida forretningsområdet sitt og utvikla ein ny og meir effektiv måte å produsere silisium til solcelleindustrien. Dynatec har utvikla ein roterande omn, der sentrifugalkrafta gjer at silisium frå silangassen som blir spalta i reaktoren set seg på veggen, mens hydrogen blir spalta av og stig opp. Innovasjonen fører til sterkt redusert energi- og gassforbruk.

Forskingsrådets pris for unge framifrå forskarar

Fysikaren Ann-Cecilie Larsen, for forsking på reaksjonshastigheiter for kjernereaksjonar. Forskinga hennar er viktig for å forstå astrofysiske prosessar som ein supernovaeksplosjon eller når to nøytronstjerner kolliderer i universet. Den gir også kunnskap om korleis grunnstoff som sink, tinn, gull, uran og thorium blir danna, står det i grunngjevinga til juryen. Larsen har allereie publisert 87 artiklar - 7 av dei i Physical Reviews Letters, som er det mest prestisjefylde av alle fysikktidsskrifta. Ho har bygd opp eit internasjonalt nettverk av framifrå forskarar, der ho sjølv spelar ei sentral rolle. Larsen er den første som mottek prisen for unge framifrå forskarar.

Prisvinnarar 2015

For framifrå forsking
Kreftforskar Harald Stenmark, Universitetet i Oslo/Senter for kreftbiomedisin (SFF), for viktige oppdagingar om regulering av cellevekst og celledeling, mekanismar for å ta opp og transportere protein i celler og korleis signaliseringsprosessar i cella heng saman med desse prosessane. Han har også bidrege vesentleg til å forstå nedbrytingsprosessane i cellene. Resultata kan bli viktige for behandling av kreft og andre sjukdommar. Stenmark er ein leiar som tek vare på unge talent og understøttar karrieren deira.

Forskingsrådets formidlingspris
Jurist og forskar Anine Kierulf, Norsk senter for menneskerettigheter/UiO, for evna ho har til å forklare innfløkte problem på ein forenkla, men poengtert og tydeleg måte og for å vere ei viktig og truverdig stemme i ålmenta i spørsmål som gjeld menneskerettar og ytringsfridom. Kierulf er uredd og poengtert, og ho held ein høg fagleg standard samstundes som ho evnar å formidle langt utanfor faggrensene. Med samfunnsengasjementet sitt når ho ut til mange målgrupper. 

Forskingsrådets innovasjonspris
Borregaard as
for systematisk og langsiktig arbeid med forsking, utvikling og innovasjon, og for å ha makta å omstille seg som følgje av nye marknadsbehov og for å ha vist konkurransekraft på eit berekraftig vis. Borregaard har evna å integrere innovasjon i kulturgrunnlaget sitt, og marknad og produksjon er sterkt involvert i innovasjonsprosessane. Borregaard er ein god rollemodell og ei inspirasjonskjelde i ei tid som kallar på omstilling.

Meir om prisvinnarane for 2015

Prisvinnarar 2014

For framifrå forsking
Professor Kenneth Hugdahl, Universitetet i Bergen, for banebrytande forsking på hjernen. Hugdahl, som leiar forskargruppa ”fMRI - functional Magnetic Resonance Imaging” ved Universitetet i Bergen, forskar på fenomenet 'å høyre stemmer', eit vanleg symptom ved schizofreni. Forskinga hans har gitt meir innsikt i korleis hjernen registrerer, arbeider med og tolkar sanseinntrykk, og har gitt oss ny og betre forståing av schizofreni.

Forskingsrådets formidlingspris
Professor Frank Aarebrot, Universitetet i Bergen, for uredd, tydeleg og klar kommunikasjon, stort engasjement og imponerande gjennomslagskraft. Aarebrot har klart å skape engasjement og merksemd, ikkje berre om sitt eige fagfelt, men om samfunnsspørsmål generelt.

Forskingsrådets innovasjonspris
Tromsø-bedrifta Polybait A/S for å ha utvikla eit kunstig agn for fritidsfiske, teinefiske og linefiske. Det kunstige agnet erstattar bruken av fisk som agn, og er med på å gjere fiskerinæringa meir berekraftig. Bedrifta har brukt forsking aktivt for å utvikle produkta sine, og har store ambisjonar og stort potensial når det gjeld å kople forsking, innovasjon og berekraft.

Meir om prisvinnarane for 2014

Prisvinnarar 2013

For framifrå forsking
Professor Bernt-Erik Sæther, Institutt for biologi ved NTNU, og professor Steinar Engen, Institutt for matematiske fag ved NTNU, for deira tverrfaglege og internasjonalt framifrå forskingsinnsats innanfor modellering av biologiske prosessar i tid og rom, for den imponerande innsatsen dei har lagt ned for å setje Noreg tydeleg på det internasjonale forskingskartet innanfor populasjons- og bevaringsbiologi, og for etableringa av eit internasjonalt høgt verdsett forskingssenter for bevaringsbiologi ved NTNU.

Forskingsrådets formidlingspris
Professor Jorunn Sundgot-Borgen, Seksjon for idrettsmedisinske fag ved Norges idrettshøgskole, for å vere ein framifrå forskar og ein svært aktiv formidlar gjennom mange år. Ho har bidratt til meir tydeleg og betre forskingskommunikasjon innanfor felta idrett, kvinnehelse og ernæring – område som er utfordrande og tabubelagte.

Forskingsrådets innovasjonspris
Prox Dynamics AS for å ha utvikla verdas minste ubemanna luftfartøy som berre veg 16 gram og kan brukast til å overvåke og kartlegge område på inntil éin kilometer. Helikopteret er enkelt å betene og lett å transportere. Nyvinninga er basert på moderne mikroelektronikk, ny sensorteknologi og kreativ aerodynamikk.

Prisvinnarar 2012

For framifrå forsking
Professor Bjørn Jamtveit, Physics of Geological Prosesses (PGP), Universitetet i Oslo, for banebrytande, tverrfagleg forsking innafor geofysikk og geologi, og for å ha bygd opp eit internasjonalt leiande forskingsmiljø. Han har lukkast i å skape eit svært produktivt forskingssenter, Senter for framifrå forsking (SFF) for geologiske prosessars fysikk, og resultata har vekt oppsikt internasjonalt.

Forskingsrådets formidlingspris
Professor Nils Christian Stenseth, Biologisk institutt, Universitetet i Oslo, for å ha vore ein svært aktiv formidlar av forskinga si gjennom heile forskarkarrieren, og vore bevisst på bruken av mange formidlingskanalar. Han evnar å forklare komplekse problem på ein forenkla, men poengtert og tydeleg måte, og er ein samfunnsengasjert formidlar som fengjer eit publikum langt utanfor grensene til faget.

Forskingsrådets innovasjonspris
Cambi AS og Oslo kommune Energigjenvinningsetaten (EGE), for å ha gått saman om å bruke forsking og systemtenking for å etablere ein banebrytande biogassfabrikk i Nes på Romerike. Ved fabrikken blir biogass oppgradert til flytande biometan. Biometan blir brukt som drivstoff, og næringsstoffa frå matavfallet blir til biogjødsel. Samarbeidet er eit godt eksempel på kundedriven innovasjon, kor brukarperspektivet har vore eit viktig element.

Prisvinnarar 2011

For framifrå forsking
Professor Trygve Helgaker, Kjemisk institutt, Universitetet i Oslo, for med stort hell å ha forenkla kompliserte kjemiske berekningar. Han har, saman med skandinaviske forskarar, gjennom mange års arbeid evna å byggje opp eit dataprogram for kvantekjemiske berekningar, som i dag vert brukt av meir enn to tusen forskargrupper over heile verda.

Forskingsrådets formidlingspris
Professor i økonomi Kalle Moene, Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo, for si evne til å forklare komplekse økonomiske spørsmål på ein forståeleg måte. Han har gjennom mange år vore aktuell og poengtert i si forskingsformidling, og held ein høg fagleg standard samtidig med at han klarer å formidle langt utanfor faget sine grenser.

Forskingsrådets innovasjonspris
Laerdal Medical AS, for si evne til å ta i bruk forskingsresultat på ein måte som skapar både økonomiske og samfunnsmessige verdiar. Frå å vere ei tradisjonell produksjonsbedrift har bedrifta, gjennom systematisk innovasjonsarbeid, utvikla seg til å bli ei moderne kunnskapsbedrift og internasjonal marknadsleiar innafor opplærings- og behandlingsprodukt for livreddande førstehjelp.

Prisvinnarar 2010

For framifrå forsking
Professor Frede Thingstad, Institutt for biologi, Universitetet i Bergen, er eit framifrå døme på ein forskar som har jobba systematisk og grundig og kome særs langt på sitt fagfelt og bidrege til ei djupare forståing av tema innafor marinbiologi, biodiversitet, klimaforsking og havforsuring.

Forskingsrådets formidlingspris
Redaksjonen for nettstaden Forskning.no for framifrå formidling av forsking og kunnskap gjennom gode og kritisk innretta redaksjonelle produkt, og for å ha inspirert norske forskarar og forskingsmiljø til meir, breiare og betre formidling av eigne resultat.

Forskingsrådets innovasjonspris
Abilia AS har vist stor innovasjonsevne gjennom fleire år og har mellom anna konstruert verdas første augestyrte køyresystem for rullestolar.

Prisvinnarar 2009

For framifrå forsking
Professor Nils Petter Gleditsch, Institutt for fredsforsking i Oslo (PRIO), for sin 45-årige karriere, som har spent over eit vidt spekter av tema og språk, og som har plassert han som ein av dei leiande innafor feltet fredsvitskap – med eit solid omdømme internasjonalt.

Forskingsrådets formidlingspris
Paleontolog Jørn Hurum, Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo, for gjennom ei årrekkje å ha formidla til eit breidt publikum, nådd nye og breie målgrupper, og med stor entusiasme, glede, fagleg tyngd og nærvær skapt merksemd og interesse for kunnskap og forsking.

Forskingsrådets innovasjonspris
DiaGenic ASA har forska fram nye metodar for enkel diagnose ved hjelp av blodprøve. Teknologi for å diagnostisere brystkreft, alzheimer og parkinson er teke i bruk.

Prisvinnarar 2008

For framifrå forsking
Professor Anne Lise Børresen-Dale, Avdeling for Genetikk ved Radiumhospitalet, for stor breidde i forskingvirket sitt, og avgjerande nyvinningar i forsking på lungekreft, testikkelkreft, tjukktarmskreft og særleg brystkreft.

Professor Sverre Håkon Bagge, Senter for middelalderstudiar, Universitetet i Bergen, for om lag 30 års forsking på europeisk middelalderhistorie, som leiande middelalderhistorikar i Noreg, med eit framifrå omdømme internasjonalt.

Forskingsrådets formidlingspris
Professor i medisin Ole Didrik Lærum, Gades Institutt, Universitetet i Bergen, for levande og nyskapande kommunikasjon av høg kvalitet frå eige fagfelt. Kommunikasjon har vore ein bevisst og integrert del av forskarvirket hans, og gjennom lang tid har han vist initiativ til å skape merksemd ikkje berre rundt eige fag, men òg om forskinga sin plass i det norske samfunnet generelt.

Forskingsrådets innovasjonspris
Bionor Immuno ASA utviklar vaksiner og har vist lovande resultat i behandling av virus som eksisterande vaksiner ikkje har vore effektive mot.

Prisvinnarar 2007

For framifrå forsking
Professor Idun Reiten, Institutt for matematiske fag, Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet, for sin innsats gjennom nesten 40 år som forskar; ein markant, kraftfull teoribyggjar og fagleg miljøbyggjar.

Forskingsrådets formidlingspris
Professor Egil Lillestøl, Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, for formidling av grunnleggjande fysikk til skoleelevar og publikum, ei allmennretta formidlig av svært høg kvalitet.

Forskingsrådets innovasjonspris
REC ASA har gjennom forsking og innovasjon vore med på å skape ein solenergiindustri i Noreg og blitt ein av verdas leiande leverandørar.

Prisvinnarar 2006

For framifrå forsking
Professor i immunologi dr.med. Ludvig Sollid ved Immunologisk institutt, Rikshospitalet-Radiumhospitalet og Det medisinske fakultet, Universitetet i Oslo, for banebrytande bidrag til forståinga av cøliaki. 

Forskingsrådets formidlingspris
Wenche Blomberg, forskar ved Institutt for kriminologi, Universitetet i Oslo, for si levande framstilling av historia til psykiatrien.

Prisvinnarar 2005

For framifrå forsking
Professor i teoretisk fysikk ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Asle Sudbø, for m.a. å ha utvikla nye, grunnleggjande teoriar for dei magnetiske eigenskapane i høgtemperatur superleiarar, og medverka til å revolusjonere heile vår forståing av fenomenet superleiing.

Forskingsrådets formidlingspris
Professor Terje Tvedt, forskingsleiar ved Senter for utviklingsstudiar, Universitetet i Bergen, som ei påskjønning for ei langvarig, original og profesjonell formidling frå eit svært viktig kunnskapsfelt – vassressursane på jorda.

Prisvinnarar 2004

For framifrå forsking
Matematikkprofessorane Erling Størmer og Ola Bratteli, Universitetet i Oslo, for deira bidrag til den internasjonale status som norsk matematikk har i dag. Prisvinnarane blei særleg framheva i ei internasjonal evaluering av dei norske matematikkmiljøa i 2002.

Forskingsrådets formidlingspris
Havforskar og toktleiar Odd Aksel Bergstad, MAR-ECO-prosjektet, som hovudansvarleg for det omfattande formidlingsprosjektet frå det internasjonale MAR-ECO-prosjektet, der særleg mangfaldet og profesjonaliteten som pregar formidlingsarbeidet har imponert og begeistra juryen.

Prisvinnarar 2003

For framifrå forsking
Professor Atle Kittang, Universitetet i Bergen, for sin framifrå og breie forskingsinnsats innan allmenn litteraturvitskap, og for si evne til å skape dynamiske og kreative miljø rundt seg. I tillegg er han ein aktiv deltakar i faglege, så vel som i meir allmenne debattar.

Forskingsrådets formidlingspris
Professor Bente Træen, Psykologisk institutt, Universitetet i Tromsø, for si framifrå formidling og fordi ho demonstrerer stort medvit om utfordringar og krav i forskingsformidlinga. Det som først og fremst kjenneteiknar formidlinga hennar, er omfanget, mangfaldet og nærleiken til publikum.

Pisvinnarar 2002

For framifrå forsking
Professor i samfunnsøkonomi Agnar Sandmo, Norges Handelshøyskole, Bergen, for si mangeårige forsking på moglegheiter og avgrensingar ved økonomisk politikk i velferdsstaten, med særleg utgangspunkt i skattespørsmål.

Forskingsrådets formidlingspris
Professor Thomas Hylland Eriksen, Sosialantropologisk institutt, Universitetet i Oslo, fordi han er ein særleg aktiv formidlar av sitt fag og sin kunnskap, eit mønsterverdig eksempel på at forsking, og til dels komplisert fagstoff, kan formidlast i eit forståeleg og klart språk.

Prisvinnarar 2001

For framifrå forsking
Professor dr.philos. Svein Magnussen ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo, for si grunnleggjande forsking innanfor kognitiv psykologi og nevropsykologi gjennom ein 20-årsperiode.

Forskingsrådets formidlingspris
Førsteamanuensis Michael Baziljevich ved Fysisk institutt, Universitetet i Oslo, for sitt arbeid med Astrofestivalen og for sitt engasjement og sin kreativitet, samt for sin langvarige innsats for formidling av forsking og realfag.

Prisvinnarar 2000

For framifrå forsking
Professor Nils Christian Stenseth, Universitetet i Oslo, for sin langvarige forskingsinnsats innanfor populasjonsøkologi, det vil seie studiar av endringar i ein bestand over tid og rom.

Forskingsrådets formidlingspris
«NRK P2s populærvitskaplege radioprogram Verdt å vite for den offensive og oppsøkjande haldninga redaksjonen har vist, og at dei har klart å skape eit levande og engasjert radioforum for norsk og internasjonal forsking.

Prisvinnarar 1999

For framifrå bruk av forsking
Adm. direktør Owen Austevik, Hydro Karmøy Rolling Mill, og forskar Arvid B. Espedal, Hydro Aluminium Heat Transfer, Tønder, Danmark, for å ha brukt forsking aktivt når det gjeld utviklinga av tynnbandstøyping av aluminium.

Forskingsrådets formidlingspris
Professor emeritus Henry Valen, Institutt for samfunnsforsking, for si formidling av valforsking til den norske befolkninga.

Prisvinnarar 1998

For framifrå forsking
Professor Per Brandtzæg, Universitetet i Oslo/Rikshospitalet, for si forsking på immunsystemet i slimhinnene.

Forskingsrådets formidlingspris
Professor Dag O. Hessen, Universitetet i Oslo, for si popularisering og formidling både i media og i bokform av ein naturvitskapleg, evolusjonsbiologisk teori og tankegang som premissbidrag til samfunnsdebatten.

(Ingen pris for "framifrå bruk av forsking" tildelt; frå 1998 alternerer prisen med "formidlingsprisen").

Prisvinnarar 1997

For framifrå forsking
Professorane Jomar Thonstad og Harald A. Øye, begge Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), for deira innsats innan lettmetallforsking (aluminium) og saltsmeltekjemi.

For framifrå bruk av forsking
Professor Hans Ragnar Gislerød, Norges landbrukshøgskole, og formann Ole Haakon Lunde, Norsk Gartnerforbunds Roseklubb, for framdrifta av norsk snittblomeproduksjon, særleg roser.

Forskingsrådets formidlingspris
Professorane Asgeir Brekke, Universitetet i Tromsø, og Alv Egeland, Universitetet i Oslo, for deira formidling av nordlysforsking.

Prisvinnarar 1996

For framifrå forsking
Professor Liv Hatle, Universitetet i Linköping, Sverige, for sin innsats innan ultralyddiagnostikk av hjartesjukdommar.

For framifrå bruk av forsking
Professor Olav Martin Kvalheim, Universitetet i Bergen, og avdelingssjef Frode Brakstad, Norsk Hydros forskingssenter i Porsgrunn, for deira innsats for å ta i bruk kjemometri i industrien.

Forskingsrådets formidlingspris
Professor Lisbet Holtedahl, Universitetet i Tromsø, for sin innsats som initiativtakar til og leiar for eit kompetansebyggjande samarbeidsprogram mellom Universitetet i Tromsø og universitetet i Ngaoundere i Kamerun, Afrika.

Publisert:
04.09.2003
Sist oppdatert:
30.10.2017