Gå direkte til innhold
 

Avdeling for petroleum

Avdelingsdirektør: Siri Helle Friedemann

Avdeling for petroleum har ansvar for forsking, innovasjon og demonstrasjon innanfor petroleumssektoren. Det femner oppstraums petroleum, verdiskaping av gass, helse, arbeidsmiljø og tryggleik innanfor sektoren, dessutan kunnskap om marknad og samfunnsforhold som grunnlag for strategi- og politikkutforming hos norske styresmakter og næringsliv.

Sentrale mål er å medverke til ny kompetanse og teknologi som kan føre til auka utnytting av norske petroleumsressursar, i dette utvikling av norske aktørar innanfor både forskarsamfunnet og petroleumsnæringa.

Avdelinga har eit utstrekt samarbeid med styresmakter, næringsliv og forskingsmiljøer nasjonalt og internasjonalt. Strategiske, rådgivande og finansierande oppgåver knytte til feltet er forankra her. Det er også programma PETROMAKS2, DEMO2000 og PETROSAM2. Det nasjonale strategiorganet OG21 (Olje og gass i det 21. hundreåret) er også knytt til avdelinga.

Vil du vite meir?:

Publisert:
31.10.2008
Sist oppdatert:
31.01.2017