Gå direkte til innhold
 

Forskingsrådets organisasjon

Forskingsrådet har fem divisjonar: Vitskap; Samfunn og helse; Energi, ressursar og miljø; Innovasjon, og Administrasjon. Administrerande direktør har eigen stab. Forskingsrådet har om lag 460 tilsette.

 

John-Arne Røttingen er administrerande direktør i Forskingsrådet. Han er utdanna lege med doktorgrad frå UiO og mastergradar frå Oxford og Harvard. Han var tidlegare områdedirektør i Folkehelseinstituttet og direktør i Kunnskapssenteret for helsetjenesten, har leda utprøvinga av den vellykka ebolavaksinen og bygd opp internasjonal vaksineberedskap mot nye epidemiar.
 
 


Administrerande direktør sin stab

Staben til administrerande direktør har koordineringsansvar for budsjett, årsrapportering, statistikk, strategisk arbeid, internasjonalt samarbeid og mediekontakt. 

Internasjonal enhet

Internasjonal enhet er administrerande direktør sin stabsfunksjon for internasjonale saker og skal sikre at Forskingsrådet til kvar tid har eit velinformert og fastsett strategisk grunnlag for si samla internasjonale verksemd.

Kommunikasjon

Kommunikasjonseininga skal synleggjere og skape debatt om strategiar, planar, avgjerder og tiltak i Forskingsrådet, samt formidle nyhende om fagmiljø og forskingsresultat. 

Publisert:
02.07.2007
Sist oppdatert:
27.10.2017
Sideansvarlig:
Brita Skuland Seniorrådgiver +47 22 03 75 02 bsk@forskningsradet.no