Gå direkte til innhold
 

– Vi må bli meir tydelege på kva vi forventar av forskarskolane

Dei nasjonale forskarskolane er verdifulle for det nasjonale samarbeidet om doktorgradsutdanninga, viser ei ny evaluering. Ein har derimot ikkje funne målbar effekt for gjennomføringstid og gjennomføringsgrad hos stipendiatane.


– Vi går no i dialog med dei 17 forskarskolane vi finansierer gjennom ordninga for å drøfte nærmare rundt dei faktiske effektane, seier områdedirektør for Vitskap og forskingssystemet i Forskingsrådet, Anders Hanneborg.

– Vi må vere meir tydelege på kva vi forventar at skolane skal levere, samtidig som vi må vere opne for at skolane også har hatt betydning for både gjennomføringstid og gjennomføringsgrad, understrekar han. 

– Hetrogenitet blant skolane, at det er få skolar som er evaluerte og sjølve metoden brukt i evalueringa, gjer det vanskeleg å måle slike effektar.

Samtidig viser også evalueringa at skolane blir opplevde som svært nyttige og har vore viktige med tanke på å gjennomføre aktivitetar som kurs, utanlandsk deltaking, oppretting av tematiske forskarskolar og liknande. Ei midtvegsevaluering frå 2017 viser også at skolane fører til større faglege miljø og faglege nettverk, og at kvaliteten på det faglege innhaldet er høg.

Lite effekt på gjennomføringsgrad og -tid, men godt samarbeid om undervisninga

Anders Hanneborg Evalueringa har ikkje klart å dokumentere nokon effekt på fråfall og gjennomføringstid for skolane samla sett, sjølv om det er variasjonar mellom skolane. Gjennomføringsgraden er noko høgare i dei tematisk orienterte forskarskolane samanlikna med dei disiplinbaserte. Når det gjeld gjennomføringstida, er det også svært små forskjellar mellom kandidatar som har delteke i ein forskarskole og dei som ikkje har det.

Ordninga har styrkt det nasjonale samarbeidet om doktorgradsutdanninga på tvers av norske utdanningsinstitusjonar. Dette gjeld først og fremst samarbeid om sjølve undervisninga, og mindre samarbeid om forsking. Den internasjonale orienteringa varierer ein god del mellom skolane, men skolane har ført til eit større utanlandsk innslag i samband med kurs, førelesingar og rettleiing.

Skolane er svært ulikt organiserte og har ulike målsettingar. Dei tematisk styrte skolane er ofte både meir tverrfaglege og meir internasjonalt orienterte enn dei disiplinbaserte.

Kva vil Forskingsrådet gjere framover?

– Etter ein runde med innspel frå miljøa, må vi, saman med Kunnskapsdepartementet, ta ein runde og sjå ordninga i samanheng med dei andre satsingane vi har for forskarrekruttering, doktorgradsutdanning og tidleg karriere, fortel Hanneborg.

Forskingsrådet må no vurdere om det skal komme nye utlysingar innanfor ordninga, og i så fall korleis dei skal innrettast.
 

Evalueringa av dei nasjonale forskarskolane er utført av NIFU på bestilling frå Forskingsrådet og tek utgangspunkt i fire overordna problemstillingar:

  1. Har satsinga bidratt til at færre studentar fell frå (auka gjennomføringsevne)?
  2. Har satsinga bidratt til at doktorgradsstudentar brukar kortare tid på å gjennomføre utdanninga si (redusert gjennomføringstid)?
  3. Har ordninga bidratt til å styrke nasjonalt samarbeid mellom forskingsmiljøa?
  4. Har forskarskolane bidratt til auka internasjonalisering for involverte miljø og studentar?

Ordninga med nasjonale forskarskolar vart etablert i 2008. Forskingsrådet har løyvd midlar til 22 skolar totalt. Dei fem første vart etablerte i 2008, dei ti neste i 2012 og dei neste sju i 2015. Det er dei som vart oppretta i 2012 og 2015 som no er evaluerte.

Satsinga er finansiert av Kunnskapsdepartementet, med 40 millionar kroner per år. Bakgrunnen for satsinga var ei evaluering av norsk forskarutdanning. Forskarskolane skulle bidra til å "styrke rekrutteringa, redusere fråfall og gjennomføringstid".

Forskingsrådet finansierer også fem andre forskarskolar direkte gjennom ulike forskingsprogram og -satsingar. Dei har ikkje vore gjenstand for denne evalueringa.

Les meir her: www.forskningsradet.no/forskerskoler

 

Skrevet av:
Therese Farstad Rådgiver +47 412 97 320 tf@forskningsradet.no
Publisert:
31.08.2018
Sist oppdatert:
31.08.2018