Gå direkte til innhold
 

Transatlantic Science Week 2014:

Vil styrka forskingssamarbeidet med Canada

Canada og Noreg har felles styrkar og samanfallande interesser i forskinga. Transatlantic Science Week 2014 har lagt grobotn for eit tettare forskningssamarbeid, særleg om Arktis.

Samstundes som canadiske, nordamerikanske og norske forskarar og forskingsinteresser rundt Arktis har stort overlapp, har fleire gjennomgangar og analysar av samarbeidet gjort det klart at potensialet for samarbeid er mykje større enn det me utnyttar.

Det canadiske analysebyrået Science Metrix la tidlegare i år fram ein stor bibliometrisk gjennomgang som viser korleis Noreg samarbeider om forsking med andre land, og kor samarbeidet bør styrkast. På grunnlag av dette har Forskingsrådet no laga åtte vegkart for bilateralt samarbeid utanfor EU. Eit av dei prioriterte landa er Canada som Forskingsrådet vil ha meir norsk forskingssamarbeid med, noko som blei understreka og oppmuntra til på Transatlantic Science Week (TSW) i Toronto.

Felles canadiske, amerikanske og norske problemstillingar og utfordringar knytta til Arktis var tema for Transatlantic Science Week i Toronto. (Foto: Ingebjørg Aadland)

– Vår bibliometrianalyse viser at Noreg og Canada er svært gode samarbeidspartnarar på fleire fagområde. Om noko, viser faktisk analysen at Canada er hakket meir forelska i Noreg enn omvendt, understreka Éric Archambault, President for Science-Metrix.

Felles canadiske, amerikanske og norske problemstillingar og utfordringar knytta til Arktis var tema for Transatlantic Science Week (TSW) i Toronto. Arctic: Society, sustainability and safety var hovudknaggar for den årlege konferansen som Kunnskapsdepartementet og Utanriksdepartementet står bak.

– Me har fått meir innsikt i korleis urfolk taklar klimaendringar, korleis geopolitiske utfordringar kring nordområda blir handtert, forstått og utvikla, og me får igjen understreka kor enormt sårbar arktis er for til dømes petroleumsulukker. Her er framleis store kunnskapsbehov på alle desse felta, oppsummerer Hallén etter Transatlantic Science Week 2014.

På konferansen var rundt 300 deltakarar: forskarar, universitetsrektorar, forskingsleiing, og relevante representantar frå styresmakter på både canadisk og norsk side.

No skal me fortsetja Ã¥ legga til rette for meir og betre samarbeid mellom Canada og Norge, sa Arvid Hallén. (Foto: Ingebjørg Aadland) Forskingsrådsdirektøren er opptatt av at det er strategisk viktig for Noreg å styrka forskarsamarbeidet med Canada.

– Målsettinga med denne konferansen er jo å vidareutvikle forskingskontaktar som alt er på plass og skape nye. Eg har god tru på at denne møteplassen legg grunnlaget for utvida samarbeid med canadiske forskarar og institusjonar. Men vi samarbeider mindre med Canada enn det vi skulle tru var naturleg, ut frå mange felles utfordringar og med samfunnsmessige og kulturelle trekk som skulle gjere det lett med samarbeid. Derfor må det leggast ned arbeid og energi i å ta vare på det som er skapt her i Toronto, seier Hallén.

Her er temaer der Forskingsrådet vil legga til rette for auka samarbeid med Canada:

  • polarforskning – arktis og antarktis,
  • klima,
  • marin og aquakultur,
  • helse 
  • petroleum og energi.

– No skal me fortsetja å legga til rette for meir og betre samarbeid mellom Canada og Norge, blant anna gjennom ei ny ordning som skal styrka langsiktig strategisk samarbeid mellom enkeltinstitusjonar, avsluttar Hallén, vel heime igjen på norsk jord.

Skrevet av:
Ingebjørg Aadland Spesialrådgiver iaa@forskningsradet.no
Publisert:
03.11.2014
Sist oppdatert:
13.09.2016