Gå direkte til innhold
 

Storstilt evaluering av norsk humanioraforsking

Forskingsrådet set no i gang ein grundig gjennomgang av norsk humanistisk forsking sett i eit internasjonalt perspektiv. Vi skal identifisere forsking i verdsklasse og gi eit bilete av korleis forsking innanfor humaniora påverkar og utviklar samfunnet rundt oss.

Ifølge nasjonal statistikk er det 3100 vitskaplege tilsette innanfor humaniora i Noreg. Desse utfører til saman 1300 FoU-årsverk. Noreg investerer om lag 1,8 milliardar kroner i humanistisk forsking kvart år.

Forsking i verdsklasse

– Forskingsaktivitet innanfor humaniora finst ved mange ulike institusjonar. Eit mål med evalueringa er å få fram eit bilete på den samla humanistiske forskinga i Noreg. Det er også ein ambisjon med evalueringa å identifisere område der Noreg spelar og kan spele ei internasjonalt leiande rolle, fortel direktør for Vitskapsdivisjonen i Forskingsrådet Anders Hanneborg.

Forsking innanfor humaniora påverkar samfunnet

Humanistisk forsking har stor betyding for samfunnslivet utanfor akademia på mange område. Difor vil Forskingsrådet bruke evalueringa til å få fram viktige samfunnsbidrag som har komme ut av humanistisk forsking dei siste åra. Institusjonane vil sjølv sende inn døme på slike bidrag.

– Vi trur denne metodikken vil få fram mangfaldet i dei mange samfunnsbidraga frå humanistisk forsking på ein måte som meir kvantitative mål ikkje ville klart å fange inn, fortel direktør for Avdeling for humaniora og samfunnsfag i Forskingsrådet Christen Krogh.

Museumsutstillingar og -formidling kan vere samfunnsbidrag frå humanioraforsking. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Samspelet mellom forsking og utdanning
Forskinga innanfor humaniora er eit viktig grunnlag for å tilby utdanning av høg kvalitet til dei 27 000 studentane som får utdanninga si ved dei humanistiske fakulteta. Den planlagde evalueringa vil også undersøkje ein del av samspelet mellom forsking og utdanning ved UH-institusjonane, noko som er ganske nytt i evalueringssamanheng.

Evalueringa skal gjerast av internasjonale fagfellar som har god kjennskap til dei aktuelle fagområda. Den skal vere ferdig våren 2017. Sjå fleire detaljar, inkludert tidsplan, på informasjonssida til evalueringa.

Skrevet av:
Therese Farstad Rådgiver +47 412 97 320 tf@forskningsradet.no
Publisert:
20.10.2015
Sist oppdatert:
13.09.2016