Gå direkte til innhold
 

Norsk samfunnsvitskap har god kvalitet, men få verdsleiande miljø

Norsk samfunnsvitskapleg forsking er evaluert i regi av Forskingsrådet. Kvaliteten på forskinga er jamt over god til svært god, men forskarane kan bli betre på å utvikle forskingsfeltet og å nå ut internasjonalt.

3005 forskarar, 136 forskargrupper og 34 institusjonar er i løpet av dei siste to åra blitt evaluerte av nær 50 internasjonale fagekspertar fordelte på seks fagpanel. Dei evaluerte fagfelta er geografi, samfunnsøkonomi, sosiologi, statsvitskap, sosialantropologi og økonomisk-administrative fag. I tillegg til vitskapleg kvalitet, er det sett på organisering, strategi, ressursar, samspel med utdanning og samfunnseffektar av forskinga.

Evalueringspanela gir anbefalingar til regjeringa, Forskingsrådet og institusjonane om kva dei bør jobbe med og for i tida framover. Ei liste med alle anbefalingane finn du i kapittel 6 i hovudrapporten.

Her kan du laste ned alle rapportane til evalueringa. Sjå også hovudrapporten til høgre på sida her.

Mykje tverrfagleg forsking – men kva med det teoridrivne?

Evalueringa viser at kvaliteten på norsk samfunnsvitskapleg forsking jamt over er god. Det er likevel få institusjonar som får toppkarakter. Oslo og Bergen står fram som dei sterkaste miljøa innanfor fagfeltet sett under eitt. Særleg innanfor sosialantropologi og samfunnsøkonomi, finn vi ganske mange høgt presterande forskargrupper.

Katarina Eckerberg (Foto: Umeå universitet) – Det som har overraska hovudpanelet mest i dette arbeidet, er at det er svært mange institusjonar som driv med samfunnsforsking i Noreg. Tverrfagleg forsking er også eit svært sentralt trekk ved samfunnsvitskapleg forsking i Noreg, seier leiar av hovudkomiteen bak evalueringa, Katarina Eckerberg.

–Vi tok utgangspunkt i fagfelta kvar for seg, men undervegs såg vi at dette vart eit felles karaktertrekk ved fagfelta. Og den tverrfaglege samfunnsvitskaplege forskinga reknar vi å ha gode føresetnader for å gi vesentlege bidrag og til å nå ut til eit større publikum, også internasjonalt!

Faren kan vere at det teoridrivne og fagspesifikke kjem i skuggen av alle forskingssamarbeida, så her er det ein balansegang miljøa bør jobbe litt med å finne ut av. – Evalueringa viser at finansieringa til norsk samfunnsvitskapleg forsking i hovudsak er god, og det i seg sjølv legg eit godt grunnlag for å utvikle og styrke teoretisk tenking innanfor disiplinane, seier Eckerberg.

Vi må sjå ut over Noregs grenser

– Miljøa har potensiale til å auke den internasjonale innflytelsen sin, men vi ser at det ikkje blir gjort i stor nok grad, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen.

– Norske tema bør i større grad setjast inn i ein breiare fagleg kontekst, ettersom forskinga ofte er svært relevant, også internasjonalt. Institusjonar som manglar kunnskap om, og kapasitet til, å søkje midlar internasjonalt og særleg gjennom EU og Horisont 2020, blir på det sterkaste anbefalte å inngå samarbeid for å få til dette. Dei bør også bli flinkare på å rekruttere internasjonale forskarar til seg. 

John-Arne Røttingen (Foto: SverreChr.Jarild) Evalueringa viser at sosialantropologi er juvelen i krona av norsk, samfunnsvitskapleg forsking. Fagfeltet produserer forsking av høg kvalitet og er heilt framme i den internasjonale forskingsfronten. På same tid klarer dei å vere relevante og ha samfunnseffektar bade innanfor Noreg, og ut over grensene våre. Her kan det truleg ligge ein god del læring også for dei andre miljøa, seier Røttingen.

På same tid viser funna at mobiliteten til norske samfunnsvitarar er lav. For det første bytter dei sjeldan jobb mellom sektorar og institusjonar nasjonalt. For det andre meiner hovudkomiteen at mange av institusjonane ikkje har gode nok strategiar og mekanismar til å tiltrekkje seg internasjonale forskarar. Og for det tredje reiser dei for lite ut og samarbeider for lite ut over Norden. Hovudkomiteen meiner at forskarane må bli meir mobile og samarbeide meir over grensene. Dei anbefaler ei rekkje tiltak, særleg til institusjonane sjølv, for å ta tak i dette, sjå frå s. 37.

– Vi er ikkje tente med å vere så introverte som dette, men må løfte blikket meir opp og ut enn vi gjer i dag, seier Røttingen.

Nybrottsarbeid i samarbeid med NOKUT – forsking og utdanning sett i samanheng

Forskningsrådet og NOKUT har arbeida saman med dei internasjonale panela for å avdekkje korleis dei ulike aspekta av institusjonanes forskings- og utdanningsoppdrag verkar inn på kvarandre og korleis dei påverkar utviklinga av utdanningskvaliteten.

Dei internasjonale fagpanela har sett på samspelet ved tre samfunnsvitskaplege fag: statsvitskap, sosiologi og samfunnsøkonomi. Ti institusjonar har delteke i denne delen av evalueringa.

Evalueringa av dei tre fagområda støttar teorien om at høg kvalitet på forsking og utdanning går hand i hand. Ifølgje samspelsrapporten, er det heilt avgjerande for kvaliteten på høgre utdanning at den spring ut frå solide fagmiljø og av undervisarar som sjølv er aktive som forskarar.

Les meir i NOKUTs nyheitssak om dette.

Vegen vidare

Forskingsrådet vil i neste omgang be institusjonane om å respondere på evalueringa og gi Forskingsrådet råd om oppfølging.
Du kan følgje med på denne sida, der vil vi leggje ut ein plan for oppfølgingsarbeidet og andre oppdateringar.

Skrevet av:
Therese Farstad Rådgiver +47 412 97 320 tf@forskningsradet.no
Publisert:
19.06.2018
Sist oppdatert:
04.02.2019