Gå direkte til innhold
 

Kartlegging av samfunnsbidrag i humaniora

Forskingsrådet er i full gang med å evaluere norsk humanioraforsking. No har miljøa sendt inn døme på konkrete samfunnsbidrag, frå 22. julis kulturelle etterliv i det norske samfunnet til forsking på musikk og rørsler som grunnlag for behandling av barn med cerebral parese.

Iselin Theien (Foto: Forskningsrådet) – Døma dekkjer mange felt og viser korleis humanioraforsking har påverka alt frå utvikling og utforming av informasjonsteknologi og bioetikk, til diskusjonar og opinion om atomnedrusting og bibelforståing, og fremja samfunnsinteresse og forståing for alt frå latin til moderne krigsspel, fortel seniorrådgivar Iselin Theien i Forskingsrådet.

– Forskingsrådet har etablert åtte ekspertpanel med 54 internasjonale fagfellar til å vurdere kvalitet og relevans for forskinga innan dei ulike humanistiske faga. Dei 169 innkomne døma vil være ein del av vurderingsgrunnlaget for evalueringa, i tillegg til anna informasjon om forskarpersonale, vitskapleg publisering og kopling mellom forsking og utdanning.

Tverrfaglegheit og breidde i norsk humanioraforsking

Anne Kristine Børresen (Foto: NTNU) – Døma våre spenner frå risikokommunikasjon i genetisk rettleiing, via involvering av elevar på vidaregåande skole for å lage formidlingsstrategiar for å nå ungdom om deira bruk og forbruk av IKT, til anvendt etikk i tett samspel med samfunnsaktørar utanfor akademia, seier dekan Anne Kristine Børresen ved Det humanistiske fakultet ved NTNU.

– Fellesnemnaren for mange av våre døme er tverrfaglegheit. Vi ser at humaniora bidreg med avgjerande kunnskap og kompetanse innanfor mellom anna medisin, teknologi, klima og energi, seier Børresen.

– Det av våre døme som utan tvil har fått mest mediemerksemd, er 22. juli-senteret. I prosjektet July 22 and the Negotiation of Memory dreier det seg om terrortragediens kulturelle etterliv i det norske samfunnet. Forskarane ser spesielt på måten tragedien gjennom tidsspesifikke og permanente markeringar blir presenterte og fortolka i dei offentlege romma våre.

Prosjektgruppa mottok NTNUs formidlingspris 2015 for arbeidet med 22. juli-senteret.

Frå opninga av 22 .juli-senteret, 22. juli 2015. (Foto: KMD)

Samfunnsbidraga viktige for nasjonale policyar, praksis og teknisk innovasjon

Thorbjørn Nordbø (Foto: UiO) – Vi ser at humanioraforskinga har påverka tre ulike kategoriar som nokre gonger glir over i kvarandre, andre gonger er meir reindyrka. Desse er policy, praksis og teknisk innovasjon, seier assisterande fakultetsdirektør ved det humanistiske fakultetet ved UiO, Thorbjørn Nordbø.

– Gjennom forskinga si har forskarane faktisk påverka viktige beslutningstakarar via policyutvikling, seier Nordbø.

– Ein god representant for dette er språkprofessor Kjell Lars Berge, som gjennom prosjektet "Skrivehjul" oppsummerer mange års forsking på skriveopplæring. Resultat frå prosjektet er tatt systematisk i bruk det norske skoleverket.

Det er også mange døme på at praksis og haldningar for måten ting blir gjort på blir endra, både i det offentlege rommet og andre stader, på bakgrunn av forskinga. Dette skjer gjerne utan å ha gått vegen om politikken først. I den kategorien finn vi forskning som har drive fram teknisk innovasjon av eit slag som har fått verknad både på det enkelte fagområdet, men også på heilt andre felt, innanfor ganske ulike fag og verksemder, fortel Nordbø.

– Eit døme frå UiO på dette er musikkforskar Alexander Refsum Jensenius' "Musical Gesture Toolbox" frå prosjektet "Mus & Med". "Musical Gesture Toolbox" er utvikla for forsking på musikk og rørsle, og er teken i bruk innanfor så forskjellige felt som artistisk verksemd og behandling av barn med cerebral parese.

Musical Gesture Toolbox

Dei gode historiene er komne for å bli – som metode

– Arbeidet med døma på samfunnsbidrag har vore nyttig trening for oss i å presentere forskinga vår på ein annleis måte enn vi er vane med, og det har inspirert oss til å ta med oss metodikken vidare, seier Børresen.

– Døma vil mellom anna bli bruka som utgangspunkt for kronikkar og nye nettsider i tida framover.

– Heile prosessen med samfunnsbidraga har vore bevisstgjerande for oss, seier Nordbø. – Faktisk har vi bestemt oss for å lage ein eigen "impact"-portal på nettsida vår, med dei mest illustrerande døma som vart sende inn.


Evaluering av humanistisk forsking i Noreg (HUMEVAL)

• 2296 forskarar, 98 forskargrupper, 37 institusjonar og 54 fagekspertar fordelte på åtte panel er med.
• Eigenevalueringar, forskarpublikasjonar og døme på samfunnsbidrag frå institusjonane er noko av det som skal evaluerast i løpet av det neste halvåret.
• Institusjonane som har meldt inn forskarar møter panelleiarane til intervju i oktober.
• Den endelege rapporten skal skrivast av panelleiarane i samarbeid med eit sekretariat i Technopolis Sverige (Faugert & Co).
www.forskningsradet.no/humevaluering


 

Skrevet av:
Therese Farstad Rådgiver +47 412 97 320 tf@forskningsradet.no
Publisert:
23.05.2016
Sist oppdatert:
23.05.2016