Gå direkte til innhold
 

Fagevaluering:

Geofagevalueringa blir følgd opp

På bakgrunn av geofagevalueringa frå 2011, kjem det no ein oppfølgingsrapport i regi av Forskingsrådet. Nye midlar skal gi geofaga i Noreg eit løft i åra framover.

Evalueringa PDF - 1,3 MB viste at kvaliteten på forskinga i geofaga er generelt god. Geofag dekkjer eit stort spekter av fag som dreier seg om planeten Jorda – inkludert atmosfæra.

Innanfor felta klimaforsking, meteorologi og atmosfæreforsking, marin geologi og -geofysikk og petroleumsforsking, er norske miljø internasjonalt leiande.

Men fagfeltet har også utfordringar, mellom anna knytt til leiing og strategi, og i år vil Forskingsrådet lyse ut 30 millionar kroner for å gi fagmiljøa eit løft. Søknadsfristen vil vere 15. oktober 2014 og utlysinga blir klar tidleg på hausten.

Foto: Shutterstock (Foto: Shutterstock)

 

Frå lokale senter til nasjonale lag

Forskingsrådet inviterte institusjonane og fagmiljøa til å komme med innspel til korleis utfordringar på nasjonalt og lokalt nivå kunne løysast. På bakgrunn av desse innspela, har eit utval, leia av Dr. Øystein Hov, forskingsdirektør ved Meteorologisk Institutt, vurdert kva tiltak dei meiner er fornuftige nasjonale tiltak baserte på sjølve evalueringsrapporten.

oppfølgingsrapporten PDF - 1,1 MB er behovet for samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) i utviklinga av geofaga i Noreg særleg vektlagd. Utvalets mål er å bringe geofaga frå lokale senter til nasjonale lag.

Løyvingar til fleire professor II-stillingar

Fleire professor II-stillingar innanfor tema og disiplinar av høg prioritet og med tydeleg SAK-perspektiv skal løyvast midlar.

Kvar enkelt stilling vil bli finansiert for 3–5 år. Det totale beløpet vil vere på om lag 10 millioner kroner.

Betre samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon

Fire til seks nasjonale bottom-up-initiativ skal løyvast støtte for å arbeide for betre samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon.

Anbefalte område er oseanografi, hydrometrologi (t.d. vassdragskontroll og produksjon av hydroelektrisk energi), kryosfærelandskap (der snø, is og permfrost påverkar landskapet og prosessane i det) og geofarer.

Beløpet her vil vere på om lag éin million kroner.

Foto: Shutterstock (Foto: Shutterstock)

Nasjonale forskarskolar

Forskarskolar med søkelys på SAK innanfor området "jordsystemet – kopling av jordsystemkomponentar" og med eit nasjonalt initiativ, løyvast inntil 10–20 millionar kroner over minst seks år.

Dette vil kunne bidra til samarbeid og utvkling av unge forskarar.

Eitt prosjekt skal få infrastrukturmidlar

Frå forskingsmidla i den store infrastrukturutlysinga vil 3–8 millionar kroner vere øyremerkte til oppfølging av geofagevalueringa.

Midla skal gå til eit pilotprosjekt som skal ha som formål å lage og innføre ein standard for organisering, identifisering og tilgang til data, metodar, programvare og fysiske prøver.

Søknadar i denne kategorien gjennomgår ei forenkla søknadsbehandling og vedtak om avslag/løyving blir gjort i Divisjonsstyret for vitskap.

Dei som kan søkje

Dei miljøa som vart evaluerte i 2011, kan søkje på desse utlysingane. Andre forskingsinstitusjonar kan vere samarbeidspartnarar på søknadane.

Ekspertkomiteen som leia sjølve evalueringa på oppdrag frå Forskingsrådet, var internasjonal og leia av professor Marjorie Wilson ved University of Leeds.

Skrevet av:
Therese Farstad Rådgiver +47 412 97 320 tf@forskningsradet.no
Publisert:
04.07.2014
Sist oppdatert:
13.09.2016