Gå direkte til innhold
 

Fleire fekk Skattefunnstøtte i 2017

Over 7600 prosjekt fekk skattefunnstøtte i 2017. Det er ein auke på ti prosent frå året før. Det er Skattefunn-vekst i alle fylke og nesten alle bransjar.

Dei einaste bransjane som har ein ørliten reduksjon er petroleum og kultur og underhaldning. I alle dei andre bransjane er det vekst i talet på aktive skattefunnprosjekt. Totalt fekk 7628 prosjekt støtte frå ordninga i fjor.

-Vi ser at det er bra auke i talet prosjekt på Sørlandet og Vestlandet. Tala viser at Skattefunn treff godt for dei små og mellomstore bedriftene og er eit viktig verkemiddel for omstilling av næringslivet, seier administrerande direktør i Forskningsrådet, John-Arne Røttingen.

Statsministeren og næringsministeren får presentert eit Skattefunn-prosjekt frå Laerdal Global health i samband med offentleggjering av 2017-tala for Skattefunn. (Foto: Nærings- og fiskeridepartementet)

Skattefunn gir skattereduksjon eller tilskot til forsking og utvikling i bedrifter. Næringslivet dekkjer sjølv størstedelen av prosjektkostnadene. Forskings- og utviklingsprosjekta hadde til saman kostnader på nær 31 milliardar kroner i 2017, og for det var det budsjettert at dei skulle få skattefrådrag på drygt 5,5 milliardar kroner. Dei faktiske frådraga brukar å bli litt mindre enn det som er budsjettert med.

-Skattefunn avlastar risiko og gjer det mogleg for mange bedrifter å gjennomføra forskings- og utviklingsarbeid. Frå 2018 har vi forenkla søknadsskjemaet vårt ytterlegare. Det skal vera lett å søka om Skattefunn, seier Røttingen.

Sjå bruken av Skattefunn for ditt fylke

Sjå bruken av Skattefunn for di næring

Skrevet av:
Ingebjørg Aadland Spesialrådgiver iaa@forskningsradet.no
Publisert:
22.02.2018
Sist oppdatert:
21.02.2018