Gå direkte til innhold
 

Avdeling for mogleggjerande teknologiar

Avdelingsdirektør: Hilde Erlandsen

Avdelinga skal arbeide for at dei mogleggjerande teknologiane – IKT, bioteknologi og nanoteknologi – blir tekne i bruk i næringslivet og i samfunnet elles. Målet er å skape nye moglegheiter for forskingsbasert verdiskaping i møte med dei store framtidige samfunnsutfordringane. Dei mogleggjerande teknologiane må takast i bruk i industriell samanheng for å skape eit grunnlag for utvikling av eit berekraftig næringsliv i Noreg.

Eit nyutvikla rammeverk for ansvarleg forsking og innovasjon er ein integrert del av verksemda vår. Kompetansen i avdelinga, inklusive kontaktpunkta mot tilsvarande delar av Horisont 2020, er i hovudsak samla i programma som avdelinga har ansvaret for, IKTPLUSS, BIOTEK2021 og NANO2021.

Vil du vite meir?

  • IKTPLUSS (programmet IKT og digital innovasjon)
  • BIOTEK2021 (programmet Bioteknologi for verdiskaping)
  • NANO2021 (programmet Nanoteknologi og avanserte materialar)
Publisert:
07.10.2004
Sist oppdatert:
28.04.2016