Gå direkte til innhold
 

Avdeling for marine bioressursar og miljø

Avdelingsdirektør: Christina I.M. Abildgaard

Avdelinga har ansvar for forsking som skal gi grunnlag for effektiv og berekraftig utnytting av bioressursar frå havet, og til bruk for miljøbasert forvalting av ressursane. Det er eit mål at kunnskapen er med på å utvikle bioøkonomien, og gjere Noreg til ein betydningsfull havnasjon.

Arbeidsfeltet omfattar biologisk mangfald, miljøgifter, havteknologi og forsking knytt til sjømat, dvs fiskeri, havbruk og sjømatindustrien. Andre sentrale tema er forvalting og bruk av biologiske marine ressursar, globale problemstillingar, areal- og kystsoneproblematikk og forureining av sjø frå olje- og gassverksemd og anna næringsverksemd.

Målet er å auke kunnskapen om marine økosystem, berekraftig forvalting og verdiskaping langs  verdikjeda til sjømatnæringa. Avdelinga skal bidra til å utvikle forskingsmiljø og næringsliv og i tillegg fremje samarbeid og synergiar på tvers av fag og sektorar. Vi er også sentrale i å lage eit kunnskapsgrunnlag for utforming av politikk på feltet.

Strategiutvikling, rådgiving og finansiering er sentrale oppgåver i avdelinga.

Avdelinga administrerer to store program (Stort program for havbruksforsking og Marine ressursar og miljø). I tillegg følgjer vi opp strategien Hav21 – en havnasjon av format. Den internasjonale aktiviteten inkluderer mellom anna ansvaret for EUs fellesprogram JPI Oceans – Sunne og produktive hav. Du finn meir om dette via lenkjene under:

  • HAVBRUK (Stort program for havbruksforsking omfattar forsking frå oppdrett, vidareforedling og fram til forbrukar)  
  • MARINFORSK (Marine ressursar og miljø, omfattar forsking på økosystem, hausting, vidareforedling og fram til forbrukar) (program)
  • JPI OCEANS (Healthy and Productive Seas and Oceans) (JPI-program)
  • Havteknologisatsingen
Publisert:
07.10.2004
Sist oppdatert:
14.03.2017