Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold
 

Avdeling for landbaserte bioressursar og miljø

Avdelingsdirektør: Vidar Skagestad

Avdelinga har ansvaret for forsking og innovasjon knytt til landbaserte bionæringar og miljøspørsmål. Målet er å bidra til kunnskap for berekraftig forvalting og til meir verdiskaping i eit bioøkonomisk perspektiv.

Ei anna sentral oppgåve er å utvikle kunnskap om sentrale miljøspørsmål som grunnlag for næring og politikkutforming innanfor berekraftig bruk og forvalting av natur- og kulturmiljøet. Avdelinga samarbeider mykje med myndigheiter, næringsliv og forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt.

Strategiske, rådgivande og finansierande oppgåver knytte til områda nemnte over, er forankra her – mellom anna gjennom viktige verkemiddel som BIONÆR – (Berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar) og MILJØFORSK (Miljøforsking for ei grøn samfunnsomstilling).

Avdelinga deltek i ei rekkje globale og europeiske initiativ for samarbeid om strategiutvikling og forskingsfinansiering.

Vil du vite meir?

Publisert:
28.02.2014