Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold
 

Avdeling for instituttpolitikk

Avdelingsdirektør: Christen Krogh

Avdelinga forvaltar Forskingsrådets strategiske ansvar for utvikling av instituttsektoren, som leverandør av forskingsbasert kunnskap av høg kvalitet og relevans til nytte for næringsliv, forvalting og samfunn.

Det omfattar forskingspolitisk rådgiving om og til sektoren, blant anna når det gjeld økonomiske rammevilkår nasjonalt og i EU.

Det strategiske og administrative ansvaret for den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta og stimuleringsordning for institutta si deltaking i EU-forskinga (STIM-EU) er forankra her.

Avdelinga bidreg til kunnskapsgrunnlaget om instituttsektoren for heile Forskingsrådet. Dette omfattar m.a. nøkkeltal, årsrapportering, porteføljeanalyse, statistikk og utgreiingar.

Avdelinga har i tillegg ansvar for instituttevalueringar og vurdering av forskingspolitiske spørsmål knytt til instituttsektoren.

Publisert:
06.10.2004
Sist oppdatert:
26.10.2015