Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold
 

Avdeling for humaniora og samfunnsvitskap

Avdelingsdirektør: Christen Krogh

Avdelinga skal fremje kvalitet i humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking. Open konkurransearena for framifrå forsking (Fri prosjektstøtte/FRIPRO og Yngre framifrå forskarar/YFF) skal medverke til å sikre den nasjonale kunnskapsberedskapen i møtet med utfordringane i framtida for næringsliv og samfunn.

Gjennom den opne konkurransearenaen gir ein finansiering til dei beste forskingsprosjekta og -miljøa innanfor heile spekteret av fagområda i avdelinga. Kvalitet i norsk forsking blir også fremja gjennom fagevalueringar og oppfølging av desse. Formålet med fagevalueringane er å ta ein kritisk gjennomgang av vitskapleg kvalitet, forskingsstrategi og forskingsleiing i norske fagmiljø, for å kunne gi råd til institusjonane, departement og Forskingsrådet.

Avdelinga skal leggje til rette for fleirfagleg og tverrfagleg forsking, dessutan stimulere til internasjonalt forskingssamarbeid, blant anna gjennom forvaltinga av individuelle stipend og støtte til forskarmobilitet.

Publisert:
06.10.2004
Sist oppdatert:
27.10.2015