Forskningsrådets nettsider benytter seg av informasjonskapsler for å forbedre din opplevelse av nettstedet.
Ved å lukke denne meldingen, samtykker du i vårt bruk av informasjonskapsler. Personvernerklæringen finner du her.
Lukk påminnelse
Gå direkte til innhold
 

Avdeling for helse

Avdelingsdirektør: Jannikke Ludt

Avdeling for helse har eit strategisk ansvar for å utvikle kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming og langsiktig kompetanseoppbygging i helsesektoren. Tyngdepunktet ligg innanfor bruksretta forsking, men også grunnleggjande forsking og forskingsbasert innovasjon er ein del av prosjektporteføljen.

Forskingsprogramma i avdelinga dekker somatisk og psykisk helse, og helse- og omsorgstenester i brei tyding. Ansvaret for global helse- og vaksinasjonsforsking ligg også her. Forskinga er fleirfagleg med hovudvekt på medisin, odontologi, helsefag, psykologi og annan samfunnsvitskap. Ei hovudutfordring er å hjelpe fram høg kvalitet i sjukdomsførebygging, diagnose, behandling og rehabilitering, og stø opp om effektive og likeverdige helse- og omsorgstenester.

Forskinga er nært knytt til biomedisinsk forsking og til velferdsforsking, som ligg i andre avdelingar. Avdelinga samarbeider særleg med helsefaglige fakultet og institutt, dei regionale helseføretaka og helsestyresmaktene.
 

Programnettsider:

Publisert:
06.10.2004
Sist oppdatert:
11.05.2016