Gå direkte til innhold
 

HR

Avdelingsdirektør: Hanne Hansen

HR-avdelinga har ansvar for å utvikle og forvalte Forskingsrådets felles HR-politikk og administrative retningslinjer på dette området. HR-avdelinga er ein aktiv støttespelar for toppleiinga i utviklinga av organisasjonen, kompetanse og leiing, og samordnar felles tiltak for heile Forskingsrådet.

I tillegg bistår avdelinga leiinga i divisjonane i utvikling av arbeidsformer, kompetanse- og teambygging etc. 

HR-avdelinga har ansvar for Forskingsrådets personalpolitikk og personaladministrative retningslinjer og skal medverke til at linjeleiinga tek personalansvaret på ein god måte. Det inneber mellom anna å assistere med løpande bemanningsplanlegging, rekruttering og forvaltning av personalressursane.

HR-avdelinga tek seg av Forskingsrådets arbeidsgivaransvar og samarbeidet med fagforeiningane, og forvaltar Forskingsrådets felles velferdstilbod.

Publisert:
20.01.2005
Sist oppdatert:
28.10.2015